Vil ha tilbake YSK utdanning men ikkje no
PAUSEÅR: Jan Thormodsæter i MAFOSS meiner det er lurt å vente med å starta opp att YSK-linjene og at politikarane først bør bruke energien på å berge den maritime industrien.
Nytt

Vil ha tilbake YSK-utdanning – men ikkje no

Mangel på læreplassar gjer det vanskeleg å starte opp at nedlagte tilbod. Og no er det viktigare ting å prioritere, meiner MAFOSS.

Marius Rosbach
20.11.2020

Neste veke skal politikarane i fylkesutvalet i Møre og Romsdal ta stilling til om YSK-utdanningane i dei vidaregåande skulane bør startast opp att.

Råda frå både fylkeskommunedirektøren, dei vidaregåande skulane og Maritim Foreining for søre Sunnmøre (MAFOSS) er samstemte om at dette ikkje er rett tidspunkt å starte opp igjen. Hovudårsaka er mangel på læreplassar.

Allereie i dag står 106 elevar utan læreplass her i fylket. Skulane fryktar at oppstart av YSK-linjer i komande skuleår vil forverre situasjonen, og at det vil vere vanskeleg å skaffe nok læreplassar, ifølgje saksutgreiinga til møtet på måndag.

Å starte opp YSK-linjer ved fire skular vil krevje minst 48 nye læreplassar.

Meiner bransjen må bergast først
Dagleg leiar Jan Thormodsæter i MAFOSS meiner det ikkje blir rett å hevde at bedriftene bør bli flinkare til å skaffe læreplassar.

– Bedriftene er kjempeflinke, men står no i ein så vanskeleg situasjon at vi meiner det er rett med eit pauseår. Utfordringa no er det større bilde, seier han til NETT NO.

MAFOSS-leiaren seier det no er viktigare at politikarane brukar ressursane sine inn mot sentrale politikarar, for å sørge for tiltak for den maritime industrien.

– No handlar det først og fremst om å berge ein bransje som gir enorme ringverknader til andre delar av næringslivet. Vår anbefaling er difor at politikarane først jobbar for å sikre næringa som skal ta i mot lærlingane, seier Thormodsæter.

Sparar 22 millionar på fem år
YSK-linjene har gitt elevane både studiekompetanse og fagbrev. Samtidig som industrien har vore svært nøgd med elevane derifrå, er utdanninga dyr for fylkeskommunen. Det var bakgrunnen for at politikarane la ned YSK-tilboda ved Ulstein, Fræna, Kristiansund og Ålesund i fjor.

Fylkeskommunedirektøren meiner både situasjonen med læreplassar og moglegheitene til å spare 22 millionar kroner dei neste fem åra – gjer at linjene ikkje bør startast opp att neste år. I tillegg meiner han det finst «gode alternative løp».

Det siste er ikkje MAFOSS-leiar Jan Thormodsæter samd i:

– Det er ikkje noko av dei andre tilboda som gir ei slik bredde og fagforståing som desse YSK, eller TAF-elevane har. Bedriftene har også vore heilt tydelege på at det ikkje kan samanliknast, seier han.

Vil halde døra på gløtt
Sjølv om Thormodsæter ikkje vil anbefale oppstart no, er han klar på at tilboda bør kome tilbake seinare.

– Eg meiner det er viktig at døra blir halde på gløtt til bransjen er kome i ein slik situasjon at bedriftene kjenner seg trygge på å ta i mot nye lærlingar, legg han til.

Les også: Ber politikarane snu om skule og ferje

Meiner kutta var nødvendige – trass kjempeoverskot

Frp blei igjen stemt ned - men mange var likevel samde


No handlar det først og fremst om å berge ein bransje som gir enorme ringverknader til andre delar av næringslivet

Publisert: 20.11.2020 09:56

Sist oppdatert: 19.02.2022 20:35