Vil ha statleg hydrogenselskap no
OSLO: Espen Barth Eide meiner at det må opprettast eit statleg hydrogenselskap.
Nytt

Vil ha statleg hydrogenselskap no

Espen Barth Eide (Ap) meiner regjeringas hydrogenstrategi er for puslete, og vil ha på plass eit statleg hydrogenselskap.

03.06.2020
- Det er no det skjer. Toget går no, sa Espen Barth Eide under Hydrogenkonferansen i Oslo onsdag.
Same dag la olje- og energiminister Tina Bru (H) og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) fram ein eigen hydrogenstrategi for Noreg. I ei i samband med framlegginga, påpeiker regjeringa at det er viktig med meir utvikling av teknologien.

- Ikkje nok med lukkeønskingar

Hydrogen skal bidra til å få ned klimautsleppa i maritim sektor, tungtransport og industri, men Barth Eide meinte at norges første hydrogenstrategi var for puslete.
- Det er ikkje nok med ei opplisting av eksisterande tiltak og lukkeønskingar til dei som arbeider på feltet. Her må staten ta ei mykje meir aktiv rolle, sa Barth Eide.
Han viste til erfaringane då Norge i 1972 oppretta eit statleg oljeselskap.
- Når det gjeld hydrogen og utvikle nye grøne løysingar, må staten på nytt sterkt inn for å få fart på utviklinga og skaffe nok kapital.

- Må ta aktiv rolle

Barth Eide sa at det statlege selskapet kunne verte privatisert etter ei tid.
- Det er heller ikkje sikkert at staten treng å vere største eigaren, men staten må ta ei aktiv rolle, som ein orkesterleiar, for å sikre at utviklinga faktisk skjer.
Han meinte at Norge hadde enorme mulegheiter til å vere leiande i det grøne skiftet, samstundes som det blir utvikla ny norsk industri.
Spesielt såg han mulegheiter i den maritime næringa og i å utvikle ein fossilfri stål- og aluminimumsindustri.
- For å lukkast må vi få til eit tett samspel mellom staten og private aktørar, der staten blant anna kan bidra med tolmodig kapital.

Enova og Nysnø

Olje- og energiminister Tina Bru viste til at staten allereie var inne gjennom auka støtte til Enova og Nysnø.
- Dette er bra, men det er ikkje nok, sa Barth Eide.
NHO-leiar Ole Erik Almlid fekk under konferansen spørsmål om han støtta tankane om eit statleg hydrogenselskap.
- Nja, der må vi høyre kva som er best for dei private selskapa.
Det er ikkje nok med ei opplisting av eksisterande tiltak og lukkeønskingar

Publisert: 03.06.2020 10:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58