Vil ha slutt paa denne avlusingsmetoden
LUSEKAMP: Her vert lakselus forsøkt fjerna ved bruk av oppvarma sjøvatn ved Mowi sitt anlegg ved Folkestad. No vil mattilsynet ha slutt på denne avlusingsmetoden.
Nytt

Vil ha slutt på denne avlusingsmetoden

Mattilsynet vil stoppe metoden med bruk av varmt vatn i avlusing av oppdrettslaks på bakgrunn av ny forsking.

21.10.2019
NPK: – Det ser ut til at fisken har panikk ganske umiddelbart. Det er ikkje veldig vakkert å sjå på, seier forskar ved Havforskingsinstituttet, Jonatan Nilsson, til .
Han har forska på korleis laks reagerer på vatn i ulike temperaturar. Når laksen blir utsett for vatn mellom 28 og 34 grader, ser han tydelege teikn på at laksen ikkje har det bra.
I 2018 var varmt vatn den mest brukte medikamentfrie metoden for avlusing i norske oppdrettsmerdar.

- Smertefullt

Sjølv om det er vanskeleg å påvise smerte, så meiner forskarane at laksen under forsøka viste tydelege teikn på smerte ved vatn over 28 grader. Konklusjonen er at temperaturen som vert brukt under termisk avlusing kan opplevast som smertefull for laksen og gir risiko for skade.
På bakgrunn av forskinga meiner Mattilsynet at avlusingsmetoden ved bruk av vatn over 28 grader må fasast ut innan to år.

Publisert: 21.10.2019 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42