Vil ha nytt parkeringshus i fjellet
PARKERINGSMANGEL: Dagleg leiar Roar Salen i Sunnmøre parkering har starta planarbeidet for å kunne byggje eit nytt parkeringshus i fjellet i Ålesund.
Nytt

Vil ha nytt parkeringshus i fjellet

Det er stor mangel på parkeringsplassar i Ålesund sentrum. Sunnmøre parkering ser etter fjelltomt.

12.04.2019
- Vi har så vidt starta planprosessen, men vi ser etter ei tomt der vi kan sprenge oss inn i fjellet og byggje parkeringshus.
Det seier dagleg leiar Roar Salen i Sunnmøre parkering.
Han opplyser at det er stor mangel etter parkeringsplassar i sentrum, men at det også er like stor mangel på aktuelle tomter for å byggje parkeringsplass.
- Difor ser vi oss om etter plassar der vi kan byggje parkeringshus inne i fjellet, slik Aksla parkering har gjort.
Sunnmøre parkering er heileigd av Ålesund parkering, som igjen er eigd av Ålesund kommune.
- Ein eventuell utbygging vil skje i regi av parkeringsselskapet. Vi er eit sjølvstendig aksjeselskap, og tek eigne beslutningar, sjølv om kommunen står som eigar, seier Salen.

Vil ha fleire bubil-plassar

Han opplyser at det også er stor mangel på spesialplassar for bubilar.
- Dette er noko vi også ser på, og her samarbeider vi med nabokommunar for å byggje ut gode nok tilbod.
Selskapet omsette i fjor for 20,8 millionar kroner, opp frå 14,9 millionar kroner året før.

Endra rekneskapspraksis

Roar Salen seier at årsaka til den store inntektsauken er at ein også driv parkeringsplassar for fleire andre selskap, som Hotel Waterfront.
- Frå i fjor av rekneskapsførde vi alle inntekter og alle kostnader for denne drifta, mot at vi tidlegare berre rekneskapsførde det overskotet vi sjølve hadde.
- Dermed auka også inntekter og kostnader mykje i fjor.

Gjeldfritt

Resultatet før skatt enda på 2,0 millionar kroner, ned frå 3,9 millionar i 2017.
Selskapet har ikkje langsiktig gjeld, og har 6,4 millionar kroner i eigenkapital.
- Vi er i posisjon til å gjere ei større investering, seier Salen.
Vi ser etter ei tomt der vi kan sprenge oss inn i fjellet og byggje parkeringshus

Publisert: 12.04.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33