Vil ha ny betalingsmodell for hurtiglading
ELBIL: NAF vil ha felles løysing med betaling kvar kilowattime, ikkje per minutt, når ein hurtigladar elbilen. 
Nytt

Vil ha ny betalingsmodell for hurtiglading

Det finst eit utal ulike prismodellar for hurtiglading. No vil NAF ha felles løysing med betaling kvar kilowattime, ikkje per minutt.

14.01.2020
NPK: – Hurtiglading er både uoversiktleg og urettferdig, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i Norges Automobil-Forbund (NAF) til .
Ladeoperatørane varierer i dag mellom å ta betalt per kilowattime, per minutt, eller ein kombinasjon. Men det er vanskeleg å få oversikt over kven som bruker kva for prismodell, og kva det faktisk kostar å lade på kvar stasjon.
– Med så mange prismodellar og faktorar som påverkar lading, er det ikkje lett å vite kva som er billigast for deg og din bil, fortset Sørdal.

Store variasjonar

Kor mykje du betalar per mil for ein elbil varierer òg frå gong til gong og stad til stad. Ein elbil ladar ulikt kvar gong. Om batteriet er varmt eller kaldt, tomt eller halvfullt påverkar korleis bilen ladar.
– Vi meiner at ladeoperatørane i større grad må prise for det forbrukarane får, ikkje for kor lenge dei står og ladar, seier Sødal til TU.
Han peikar òg på at han forstår at det må gjerast tiltak for at bilar ikkje skal stå for lenge ved stasjonane. Men trur ein kan løyse køutfordringa ved å legge på ein sum når ladinga tek meir enn 30–40 minutt.
Vi meiner at ladeoperatørane i større grad må prise for det forbrukarane får, 

Publisert: 14.01.2020 08:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50