Vil ha nullutslepps krav
Hurtigbåtar ved kai i Ålesund i Møre og Romsdal. 
Nytt

Vil ha nullutslepps-krav

Industrien krev nullutslepp i hurtigbåtanboda.

13.08.2019
NPK: Dei neste åra skal det lysast ut 75 hurtigbåtanbod langs kysten. No krev industrien at fylkespolitikarane stiller krav om nullutslepp i anbodsrundane.
Innretninga på anboda som blir lyste ut mellom 2019 og 2026, er avgjerande for norske klimagassutslepp, grøn teknologiutvikling og norske arbeidsplassar, meiner den maritime klynga NCE Maritime CleanTech.
Selskapet har tatt eit felles initiativ saman med Brødrene Aa, ZeFF, Rødne Trafikk og Urban Water Shuttle om å be fylkeskommune om å stilla strengare miljøkrav til hurtigbåtane, skriv Skipsrevyen.
– Hurtigbåtar på lengre ruter vil òg spela ei svært viktig rolle i arbeidet med å få opp ei forsyningskjede for grøn hydrogen i Noreg. Som ein potensiell tung forbrukar av hydrogen, kan hurtigbåtane bidra til å skapa den nødvendige etterspurnaden som skal til for å få opp dei første produksjonsanlegga og ein konkurransedyktig drivstoffpris, seier administrerande direktør Hege Økland i Maritime CleanTech.
Industriaktørane som har signert brevet til fylkeskommunane, representerer fire ulike konsortium som utviklar utsleppsfrie hurtigbåtar. Denne samanslutninga rår fylkeskommunane til å vera innovative i anboda, sjå hydrogen som ei moglegheit og til å bruka reine batteriløysingar på dei mindre energikrevjande rutene.

Publisert: 13.08.2019 14:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38