Vil ha meir ja haldning i byggesaker
BYGGEBØRSEN: Ulsmo-direktør Ingerid Ulstein og Stig Tore Johnsen i Peab Eiendomsutvikling Nord under Byggebørsen i Ålesund. 
Nytt

Vil ha meir ja-haldning i byggesaker

Ulsmo brukte seks år før dei var i mål med planprosessen på Fri Sikt-prosjektet i Ålesund. – Det er for lang tid, meiner Ingerid Ulstein.

Marius Rosbach
01.11.2019
Under temaet «Frå ide til byggestart – suksesskriteriet og fallgruver» samla bygg- og eigedomsbransjen seg torsdag i Ålesund til årets Byggebørsen-arrangement.
Der fekk dei mellom anna høyre Ingerid Ulstein i Ulsmo fortelje om erfaringane med å vere utbyggar i Ålesund – og spesielt korleis dei hadde opplevd å jobbe med Fri Sikt Volsdalsberga. Kommunikasjon og tida nytta til å planlegge prosjektet stod sentralt.
– Eg ønsker meg litt meir ja-haldning frå kommunen om korleis vi skal få til ting saman, oppsummerte Ulstein.

Seks års planprosess

Fri Sikt-prosjektet med er mellom dei største i byen på mange år. Ei av utfordringane var at dei ønska å bygge i 14 etasjar.
– Vi fekk løyve til slutt, men eg synest det er for lang tid å bruke seks år. Kor mange utbyggjarar har ryggrad til å bere tomtekostnadene i so lang tid, spurte Ingerid Ulstein.
Ho peika på at det var særs viktig å få avklart ting så tidleg som mogleg i ein byggeprosess – og hadde nokre forslag til korleis.

Flest mogleg på oppstartsmøte

Eitt av forslaga var at flest mogleg frå kommunen stilte på oppstartsmøte med utbyggjaren – ikkje berre planavdelinga – men også alt frå barnerepresentant til kommuneleiing.
– Så slepp vi å gå fleire runde når dei ulike avdelingane kjem inn i bilde med sine innvendingar. Eg vil gjerne også ha med gruppeleiarane frå dei politiske partia. Då får vi eit felles utgangspunkt for alle dei involverte, fortalde Ulstein.
Ulsmo-sjefen meinte at ein allereie ved oppstartsmøte burde få på bordet ein framdriftsplan – og gjerne ein maksimal tid for prosessen.
– Vi vil gjerne vite tidleg kva som er hindringane og korleis vi kan gå vidare, sa ho.

Les også:


Solgte i rekordfart:

– Må planlegge betre

Ingerid Ulstein la ikkje skjul på at også utbyggjarane hadde sin del av ansvaret for at ting skulle skje smidig.
– Vi må planlegge betre og meir detaljert på eit tidlegare tidspunkt. Då er det lettare for kommunen og sjå kva dei kan hjelpe til med. Det gjer det også enklare å få tillit hos kommunen, understreka ho.
Ulsmo-sjefen hadde også eit hjartesukk til at kommunen skiftar sakshandsamar når ein går frå prosess til gjennomføring.
– Då kan ein få ein sakshandsamar som ikkje har innsikt i den prosessen som har vore gjennom fleire år. Då er vi nøydt til å ta opp dei same tinga fleire gonger, påpeika ho.
Ho påpeika at det også var viktig at administrasjonen visste kva for krav politikarane ville stille til prosjektet.

Byggekostnader aukar

Ulsmo og Peab Eiendomsutvikling Nord har gått saman på eigarsida i Fri Sikt-prosjektet, der ein no er i .
Administrerande direktør Stig Tore Johnsen i Peab fortalde om ein typisk margin for deira prosjekt. For ein to-romsleilegheit på 55 kvadratmeter og utsalspris på knappe tre millionar – satt dei typisk att med ei forteneste på 11,5 prosent.
Den klart største kostnaden er sjølve byggekostnaden – på om lag 50 prosent av utsalsprisen.
– Den har auka ganske mykje og eg vil tru at dei fleste her kjenner seg att i dette reknestykke, sa Johnsen.

Les også:




Vi vil gjerne vite tidleg kva som er hindringane og korleis vi kan gå vidare

Publisert: 01.11.2019 05:55

Sist oppdatert: 19.03.2021 09:57

Mer om