Vil ha innspel til meir berekraftig reiseliv
SÆRLEG ANSVAR: Statssekretær Atle Hamar (innfelt) meiner Noreg har eit særleg ansvar for å ta vare på dei norske fjordane som står på verdsarvlista til Unesco og at reiselivet her må ha eit mindre klimaavtrykk og sterkare berekraft. Her er eit cruise i Geiranger.
Nytt

Vil ha innspel til meir berekraftig reiseliv

Klima- og miljødepartementet ønskjer innspel til korleis staten kan bidra til å gjera reiselivet i Noreg meir berekraftig.

19.11.2019
(NPK-Margunn Sundfjord): Det sa statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet då han måndag opna Vestlandstreffet 2019 i Bergen.
– Eit meir berekraftig reiseliv gjev store utfordringar og store moglegheiter. Mi utfordring til dykk er kva slags utfordringar reiselivet kan og vil gripa for å vidareutvikla dette og vera leiande i omstillinga til eit berekraftig reiseliv? Og kva ser de på som viktige bidrag frå staten? Det vil eg gjerne ha innspel om, sa Hamar.

Vegen mot 2030

Treffet som blir arrangert kvart år, er den viktigaste møteplassen for reiselivet i Fjord-Noreg-regionen. Konferansen som går over to dagar, set i år søkjelys på kor reiselivet i Fjord Norge skal vera i 2030 og samlar i år rundt 130 deltakarar.
– Bakgrunnen for temaet er at Fjord Norge i samarbeid med dei fire fylkeskommunane på Vestlandet i eit og eit halvt år har hatt eit prosjekt om kor vegen går vidare fram mot 2030. Til no har det vore stor fokus på vekst i reiselivet, men i forhold til berekraft er vi nøydde til å ta eit vegval og det er det vi skal presentera her på konferansen, seier Britt Dalland til Nynorsk pressekontor.
Ifylgje administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge har konferansen aldri hatt eit så klart berekraftig fokus som i år.

– Berekraft ein premiss

Også statssekretær Atle Hamar var oppteken av berekraft og korleis Noreg kan bli leiande på dette området. Han streka under at reiselivsnæringa må forvalta ressursane sine i eit langsiktig perspektiv.
– Berekraft og klima- og miljøomsyn er ein premiss for norsk reiselivsnæring, sa Hamar.
Han peikte på at turistane kjem for å oppleva den reine og stille norske naturen, og at naturen er sjølve råvara for reiselivet i Noreg. Difor er det ein føresetnad at vi greier å ta vare på naturen, slo han fast.

Les også:




Fjordar i særstilling

Statssekretæren fortalde også at regjeringa har sett i verk fleire tiltak og verkemiddel som skal bidra til ei berekraftig utvikling av reiselivet.
Hamar var mellom anna tydeleg på at Noreg har eit særleg ansvar for å ta vare på dei norske fjordane som står på verdsarvlista til Unesco og at reiselivet her må ha eit mindre klimaavtrykk og sterkare berekraft.
Han viste til at regjeringa mellom anna har innført krav om nullutslepp utslepp i verdsarvfjordane frå 2026, og at Sjøfartsdirektoratet er i ferd med å greia ut kva dette betyr i praksis.

Landstraum viktig klimatiltak

Hamar sa også at grøn skipsfart generelt er eit tema som regjeringa prioriterer høgt.
– Vi har brukt 2,4 milliardar gjennom Enova på alle desse tiltaka og har sett det som eit mål at vi innan 2030 skal ha utsleppsfrie hamner. Det betyr straum fram til dei fleste hamner, sa Hamar som meinte landstraum er eit viktig klimatiltak.
Han fortalde at Enova har bidrege til rundt 80 landstraumprosjekt sidan 2015.
Han fortalde vidare at programma til Enova no skal rullerast og meinte at finansiering av infrastruktur kjem til å bli kjempeviktig vidare framover.

– Støtteordningar i Enova

Sjølv var Hamar overtydd om at transportsektoren er ei av dei største utfordringane for å få til eit berekraftig reiseliv. Her meinte han det offentlege og private aktørar må spela på lag. Han viste mellom anna til at det no finst støtteordningar gjennom nullutsleppsfondet i Enova som kom i revidert nasjonalbudsjett i fjor.
– Kombinasjonen av krav i anbod, treffsikre stytteordningar og eit framoverlent næringsliv fostrar samspel mellom klimapolitikk, offentlege krav og privat nytenking som gjev resultat, sa Hamar.
Han oppmoda reiselivet til å sjå framover neste gong ein skal fornya transportmodellen ein brukar lokalt i høve til nullutsleppslysingar som det no finst støtte til, fordi Noreg ønskjer å vera leiande når det gjeld elektrifisering.
(©NPK)

Les også:




Til no har det vore stor fokus på vekst i reiselivet, men i forhold til berekraft er vi nøydde til å ta eit vegval

Publisert: 19.11.2019 11:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45