Vil ha innspel fraa smaabedrifter i A Alesund
TIL ÅLESUND: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til Ålesund etter at han har vore i Brattvåg tysdag. 
Nytt

Vil ha innspel frå småbedrifter i Ålesund

Etter Haramskonferansen møter næringsminister Torbjørn Røe Isaksen SMB-arar. 

Marius Rosbach
12.02.2019
Tysdag kjem næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til Sunnmøre i to ærend. Først skal han til og etterpå går turen til Ålesund og Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK).
(ekstern lenke)

Møter maritime bedrifter

Her har statsråden invitert små og mellomstore bedrifter til å kome med innspel til korleis regjeringa sin næringspolitikk kan treffe dei best mogleg. Isaksen vil høyre direkte frå maritime bedrifter kva regjeringa kan gjere for å auka verdiskapinga og sikre vekst og lønnsomheit i bedriftene.
– Små og mellomstore bedrifter er ryggraden i norsk næringsliv. Den jobben dei gjer kvar dag, er med på å sikre arbeidsplasser og eit berekraftig velferdssamfunn. Det viktigaste vi som regjering kan gjere, er ofte rett og slett å ikkje stå i vegen. Vi skal forenkle kvardagen til bedriftene og gjere det enklare for dei å gjere jobben sin, seier næringsministeren i ei .
Besøket er eit ledd i arbeidet med regjeringa sin nye strategi for små og mellomstore bedrifter, også kalla SMB-ar. Strategien skal leggjast fram til sommaren.

Les også:


Meir enn 99 prosent av alle selskap her til lands har færre enn 100 tilsette. Totalt har desse bedriftene ei verdiskaping på 700 milliardar kroner årleg, om lag det same som halve statsbudsjettet.

Forenkling eit nøkkelverktøy

Isaksen har tidlegare teke til orde for at forenkling er sentralt for å gjere kvardagen til desse bedriftene betre.
– For oss er forenkling ei hovedsak. Sidan 2011 er det forenkla for 15 milliardar kroner, men vi må gjere meir, i sommar.
Målet er at ein skal forenkle nye ti milliardar innan 2020.
Andre tiltak som har vore på bordet her å fjerne unødvendige reguleringar, styrka økonomiske insentiv i fagopplæringa, å sikre norske bedrifter tilgang til den europeiske marknaden gjennom EØS-avtalen og at formuesskatten på arbeidande kapital vert fasa ut.

Publisert: 12.02.2019 08:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31