Vil ha heile kysten med i klimaplan protest
GRYANDE KYSTOPPRØR: Hareid-ordførar Bernt Brandal  og Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal er mellom dei som er uroa for konsekvensane av klimaplanen for fiskeflåten. 
Nytt

Vil ha heile kysten med i klimaplan-protest

Ordførarane i Møre og Romsdal er uroa for avgiftshopp på drivstoff til fiskeflåten. 

20.01.2021
Det var ordførar Bernt Brandal i Hareid som tok initiativet til protesten, der sju ordførarar og varordførarar i Møre og Romsdal har gått saman om eit felles innlegg.

Ifølgje Brandal er planen å ta kontakt med ordførarar i kystkommunar langs heile kysten, for å få også dei med på protesten.
Regjeringa gjer framlegg om å auke avgifta på CO2-utslepp frå 590 kroner per tonn til 2000 kroner per tonn i 2030. Det, saman med ei oppheving av det delvise fritaket frå avgifta som fiskarane har i dag, vil bety omlag ei dobling av drivstoffkostnadane. Ordførarane etterlyser ei vurdering av konsekvensane av framlegget og fryktar arbeidsplassar blir sett i fare.
"Det er ei gryande uro for kva konsekvensane av auka CO2-avgift har for fiskeflåten og norsk fiskerinæring, og i kor stor grad fiskeflåten kan tilpasse seg endringane raskt nok til å unngå smellen," heiter det i innlegget frå ordførarane.

Ålesund er med

Også Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) sluttar seg til innhaldet i brevet. Ho er politisk leiar i ei av Noregs største fiskeri- og sjømatkommuner og ser på brevet som ei etterlysing av ei skikkeleg konsekvensvurdering.
- Virkemiddel og tiltak må stå i forhold til det som er mogleg å gjere, seier Vinje Aurdal.
Samstundes understrekar ho at å slutte seg til innlegget frå dei andre ordførarane ikkje er ein protest mot tiltak for å få ned CO2-utslepp.
- I utgangspunktet er eg veldig for klimameldinga og dei tiltaka vi etter mi meining er nøydd til å gjere. Ein seier ikkje her at vi skal skrote alt som har med klima å gjere, seier Aurdal

Ringte ikkje Ålesund-ordføraren

Det er ordførarar og varaordførarar frå Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Giske, Molde, Smøla og Aukra som har signert på innlegget.
Grunnen til at Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal ikkje er blant underskrivarane er at ho ikkje blei spurt om å vere med før innlegget vart sendt ut. Ein glipp, ifølgje Brandal.
- Eg burde ringt til ho og spurt om ho ville vere med. Eg fekk eigentleg litt dårleg samvet, seier Brandal til NETT NO. Han tok kontakt med Vinje Aurdal i formiddag.
- Eg vel å sjå på det som eit arbeidsuhell, seier Vinje Aurdal om at ho ikkje blei kontakta i første omgang.

Norske kutt

CO2-utsleppa skal kuttast for at Noreg skal nå utsleppsmåla som Noreg sjølv har sett seg som ein del av Parisavtalen, ein internasjonal avtale der målet er å få ned utsleppa av CO2 - for å hindre eit varmare klima.
"Noreg har meldt inn ei forplikting under Parisavtalen om å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 og opp mot 55 prosent innan 2030 samanlikna med 1990. Det er eit avgjerande steg på vegen mot at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050", heiter det i klimaplanen.

Analyse:



Ein seier ikkje her at vi skal skrote alt som har med klima å gjere

Publisert: 20.01.2021 16:13

Sist oppdatert: 18.11.2021 12:43

Mer om