Vil ha granska vindkraftprosjekt
HARAMSØYA: Arbeidet på Haramsøya er mellom prosjekta som ha sett sinna i kok hos vindkraftmotstandarane den siste tida. 
Nytt

Vil ha granska vindkraftprosjekt

Krev samtidig stans i alle utbyggingar i mellomtida. 

29.09.2020
(NPK): Organisasjonen Motvind krev at det blir ei uavhengig gransking av konsesjonsarbeidet i omstridde vindkraftprosjekt. Den som har gjort vedtak eller laga vedtaksgrunnlaget det vert klaga på, kan ikkje granske seg sjølv, meiner organisasjonen.
Motvind forventar no at arbeida på Haramsøya, Stadlandet, Songkjølen og Engerfjellet, Buheii, Tysvær, Øyfjellet, Sørmarkfjellet, Stokkfjellet, Kjølberget og Frøya og alle andre vindkraftverk sett i drift etter 24. mai 2019, blir stogga inntil sakene er gjennomgått eller endeleg dom er avsagt.
– Vi krev ein uavhengig gjennomgang, og stans i alle utbyggingar inntil gjennomgangen er utført, seier Eivind Salen, leiar i Motvind Norge i ei pressemelding.
Organisasjonen har sendt brev til Stortingets Energi- og Miljøkomite, Olje- og energidepartementet (OED) og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) for å purre på regjeringa.
Stortinget vedtok samrøystes 19. juni 2020 ei oppmoding til regjeringa om å «vurdere om behandlinga av gitte vindkraftkonsesjonar har følgt krava i energilovgivinga og forvaltningslova. Dersom det skulle liggje føre feil eller manglar i konsesjonen som er i strid med lovgivinga, skal forvaltninga stanse vedtaket.»
– Det seier seg sjølv at OED ikkje kan vurdere eigen praksis og lovforståing. Det er i strid med alminnelege forvaltningsrettslege prinsipp å sjekke seg sjølv. Det burde vere unødvendig å seie at tillit og lågare konfliktnivå føreset at gjennomgangen vert gjort av ein uavhengig tredjepart, seier Eivind Salen.
(©NPK)

Publisert: 29.09.2020 10:50

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:09