Vil ha fleire inn paa yrkesfag
SATSA PÅ LÆRLINGAR: Lærlingane Daniel Andre Berg (framme t.v.) og Andreas Markussen (t.h.) på Fiskerstrand verft våren 2020. Bak frå venstre er fagleg leiar Sander Iversen, produksjonssjef Michael Johnsen og HR-sjef Raymond Kaspersen.
Nytt

Vil ha fleire inn på yrkesfag

NHO Møre og Romsdal vil at fleire ungdomskuleelevar vel yrkesfagutdanning etter ungdomsskulen.

19.01.2021
- Veldig mange bedrifter melder om mangel på folk med fagbrev, seier seniorrådgivar Elin Ous i NHO Møre og Romsdal om tilbakemeldingane når NHO spør om kva kompetanse medlemsbedriftene etterlyser.
I eit innlegg i NETT NO oppmodar ho om at fleire vel yrkesfag i staden for studiespesialiserande utdanning etter ungdomsskulen (yrkesfag og gymnas som det heitte i førre årtusen).
"To år på skule og to år læretid er heilt opplagt ein god start for mange av dei elevane som i dag vel studieførebuande, men som i utgangspunktet ikkje er motivert for å ta ein teoretisk bachelor eller master etter vidaregåande. I Møre og Romsdal er det ganske lett å få læreplass i bedrift, særleg for dei som veit å orientere seg om kvar desse læreplassane er før dei søker Vg2", skriv Ous i innlegget.

Lærlingrekord

Ikkje sidan før finanskrisa har det vore fleire lærlingar innan bygg- og anlegg i Møre og Romsdal, skreiv NETT NO i november i 2020. Også i andre bransjer aukar talet på ungdomar ute i bedriftene.
- Det ser veldig bra ut, sa dagleg leiar Fredrik Klock i Opplæringskontoret for Bygg- og anleggsteknikk (Byggopp) i Møre og Romsdal om lærlingsituasjonen i bransjen.

Møre og Romsdal scorar høgt

Søkjarmengda til yrkesutdanningane auka med sju prosent i Møre og Romsdal frå 2019 til 2020. Av 3808 søkjarar søkte 55 prosent, 2104 personar, på ulike yrkesutdanningar.

Møre og Romsdal er eitt av fylka der yrkesutdanning er mest populær, medan Oslo ligg på botnen. Berre 27,3 prosent av søkjarane til vidaregåande opplæring i Oslo til som søkte seg inn på yrkesfag til skuleåret 2020/2021.

Publisert: 19.01.2021 11:39

Sist oppdatert: 11.05.2021 14:42