Vil ha fart paa utsleppskutta
KUTT: International Chamber of Shipping vil ha meir ambisiøse mål for kutt i klimagassutslepp frå skipsfarten.
Nytt

Vil ha fart på utsleppskutta

Den internasjonale handelsorganisasjonen for skipsreiarar etterlyser større fart i kutta av CO2 og tilrår at det vert innført nye ambisiøse mål.

18.05.2017
ICM - International Chamber of Shipping - krev no at IMO - International Maritime Organization - set seg høge kuttmål av klimagassar på vegne av heile den internasjonale shippingverda.
I ei pressemelding opplyser ICM at interesseorganisasjonen har kome med klare krav til IMO for at ein skal innfri forventningane i Paris-avtalen.

50 prosent kutt

Det første målet er å halde CO2-utsleppa under 2008-nivået. Då vart det sleppt ut 921 millionar tonn CO2 frå skipsfarten.
Men ICM vil at ambisjonane skal vere mykje høgare og ber IMO vedta eit mål om at den internasjonale skipsfarten skal ha som ambisjon at ein i 2050 har kutta utsleppa av klimagassar med minst 50 prosent i forhold til 2008.
ICM kjem med kritikk av IMO for å vere for passive og ha for lite tydelege mål for utsleppskutta.

Alternativt drivstoff

Styreleiar Esben Poulsson i ICM seier etter eit møte i Istanbul at målet må vere at IMO vedtar ein ny strategi for utsleppskutt i 2018, og følgjer opp med ein handlingsplan.
Men han ber om ein samla politikk for heile næringa.
- Dramatiske kutt i CO2-utslepp samstundes som handelen aukar, kan berre oppnåast gjennom bruk av alternativt fossilfritt drivstoff, noko som må identifiserast gjennom IMO-stragtegien, seier Poulsson.
Han legg til at målet må vere at heile industrien sluttar med fossilt drivstoff.
- Men dette målet kan berre nåast dersom industrien pressar IMO til å fastsetje så ambisiøse mål slik at ingen involverte har nokon illusjon om omfanget av utfordringane vi står overfor.
ICM har medlemar frå 37 land, som samla har 80 prosent av verdas handelsflåte.
Les meir her:

Publisert: 18.05.2017 16:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09