Vil ha batteribaat over Fosnavaagen
FOSNAVÅG: Kommunalsjef Jarl Martin Møller i Herøy kommune har kome langt med planane om å få på plass ei førarlaus batteriferje som skal frakte passasjerar mellom Fosnavåg sentrum og Vågsholmen (bak). 
Nytt

Vil ha batteribåt over Fosnavågen

Herøy kommune vil at passasjerar skal fraktast med førarlaus batteriferje mellom Vågsholmen og Fosnavåg sentrum.

22.06.2017
- Ja, det er dette vi no jobbar for. Vi ønskjer å ha den beste og mest innovative løysinga.
Det seier kommunalsjef Jarl Martin Møller i Herøy kommune.
På Vågsholmen skal det byggjast to store leilegheitsbygg. Kommunen ønskjer å knyte den nye bydelen saman med sentrum.
- Det er ikkje langt over sundet, men det er langt å gå rundt. Difor ser vi på ei løysing med batteriferje.
- Når nokon vil over, er det berre å trykke på ein knapp, og ferja kjem, seier Møller.

Basestasjonar

Han håper at næringslivsaktørane vil vere med på satsinga.
- I utgangspunktet er det ikkje kommunen som skal byggje båten, derimot skal vi leggje til rette for satsinga, mellom anna med bygging av basestasjonar på kvar side av sundet.
Han seier at fylkeskommunen er svært positiv.
- Dette dreier seg om byutvikling. Eg ser berre positive sider av ei slik løysing.

Lære av Trondheim

Planen er no at Herøy formannskap til Trondheim og sjå på eit liknande prosjekt mellom Ravnkloa og Vestre Kanalkai.
Det er NTNU som har sett i gang prosjektet. Planen er at det skal byggjast ei 10 meter lang og 3,5 meter brei ferje som skal ta inntil 12 personar.
Ferja vil kunne ta både syklar og personar i rullestol.
- Denne løysinga vil passe perfekt også for å krysse Fosnavågen, seier professor Asgeir Johan Sørensen ved NTNU.
Når nokon vil over, er det berre å trykke på ein knapp, og ferja kjem

Publisert: 22.06.2017 16:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11