Nett.no Logo
Mega menyMega meny

NETT.NO Abonnement

Registrér ein konto på vår næringsportal for 129,- pr mnd, og få tilgang på:

  • Unike artiklar om økonomi og næringsliv på Sunnmøre og i Nordfjord, som du ikkje finn i andre publikasjonar!
     
  • Tilgang på tenester som Nytt om Namn, Synspunkt og stilling ledig.
     

Med abonnement har du tilgang til NETT NO på alle digitale plattformer - du kan lese når du vil, kvar du vil og i det formatet som passar deg.

129,- pr. mnd.
Vil ha akebakke til fjøresteinane

VINTERMÅL: Selskapet bak gondolbana i Loen investerer meir for å gjere anlegget til eit vinterreisemål, også for reisande frå utlandet.

Vil ha akebakke til fjøresteinane

Hotel Alexandra-sjef Richard Grov vil forlenge akebakken frå fjellet Hoven heilt ned til fjøresteinane ved nedre stasjon for gondolbanen i Loen.

I dag blir anleggsvegen frå toppen og ned til gardane ved Oppheim, vest for Loen, bruk som akebakke og skiløype for dei som har tatt gondolen til topps. Draumen til Richard Grov er å kunne forlenge akebakken fram til nedre stasjon for gondolen ved å bygge ein ny veg gjennom terrenget. 

Ei slik forlenging er ein del av investeringar på 30-40 millionar kroner Grov ser for seg over ein femårsperiode, for å gjere gondolbanen til eit stort reisemål også i vintersesongen. 

Fjellhytte
I tillegg til veg inkluderer investeringa og ei fjellhytte med overnattingskapasitet, mellom Hoven og Skålatårnet. Då blir råd å følgje fjellryggane mellom dei to fjella på ein todagarstur. 

Ein del av investeringsplanen er alt sett ut i livet. Til vinteren er investert rundt åtte millionar kroner i trakkemaskiner og anna utstyr for å preparere løyper og akebakkar på toppen av gondolanlegget, samt bygd lager og verkstad for utstyret oppe på fjellet. 

Denne sesongen rettar satsinga seg først og fremst mot lokalmarknaden, men alt neste vinter ventar Grov at det også kjem utanlandske turistar for å bruke gondolanlegget.

Tek tid
Grov seier drifta denne vintersesongen mellom anna gjer at gondolselskapet får noko å vise fram til turoperatørane. Det er vanskeleg å selje eit tilbod berre ved hjelp av ei skisse.

Å bygge opp vinterturismen er og noko som vil kreve fleire år, etter Grov si vurdering.

Dessutan vil sjølve planlegginga og bygginga av nye anlegg, spesielt veg- og hytter ta tid. Mellom anna må grunneigarane der eventuell veg og hytter skal ligge vere samde om at anlegga kan byggast på deira grunn. Dessutan skal anlegga ligg slik til at dei er trygge for snøskred og jord- og steinras. 

Siste artikler

Volstad nesten tilbake i pluss

Etter å ha bokført til sammen over 800 millioner i underskudd i 2015 og 2016 kom Eivind Volstad nesten tilbake i pluss i fjor.

Vekst for Ålesunds eldste fiskeutsalg

Longvafisk i Ålesund vokser jevnt og trutt på salg av skalldyr, fisk og fiskemat.

Rekordopptak til høgare utdanning

98.000 søkjarar har fått tilbod om studieplass i hovudopptaket til høgare utdanning, 4.176 fleire enn i fjor. IKT-utdanningar har hatt ein auke på 17 prosent.

Nordfjordbrua hentar fem millionar

Bruutbyggingselskapet Nordfjordbrua skal hente fem millionar kroner i ny eigenkapital.

Horisont-deltaking i fare

EU-kommisjonen vil avgrense kven som får vere med på EU sitt store forsking- og utviklingsprogram. 

No kjem resultata av fusjonen i fjor

MMC First Process har fått fire kontrakter siste vekene. Dei ser stort vekstpotensial.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.