Vil ha Hovden avgangar tilbake paa anbod
UROA: Både i lokalsamfunnet og i regjeringa er det uro kring kutta til Widerøe, men samferdselsminister Knut Arild Hareide (innfelt), svarar ikkje no på om det er aktuelt å ta inn ruter att på anbod. 
Nytt

Vil ha Hovden-avgangar tilbake på anbod

Flyplassforum er uroa over kutt i Oslo-ruter til Hovden-flyplassen. Samferdselsministeren delar bekymringa, men vil ikkje no seie om det er aktuelt å vurdere nye anbod.

Marius Rosbach
17.02.2020
Måndag kom Widerøe med nyheita fleire har frykta ei stund – at
Frå mai er det slutt for ruta frå Oslo klokka åtte med avgang tilbake til hovudstaden frå Hovden klokka 9.25.
I alt kuttar flyselskapet 4000 avgangar frå den kommersielle delen av kortbanenettet frå 4. mai, opplyste selskapet måndag.

Statsråden svarar ikkje om anbod

Widerøe seier sjølv at det dreiar seg om kutt i det som i deira augo er heilt nødvendig transport i Distrikts-Noreg. Det er likevel nødvendig fordi lønnsemda er for dårleg, ifølgje selskapet. Det skal spesielt vere flypassasjeravgifta som er utfordringa på dei korte rutene.
Flyselskapet rår samferdselsdepartementet om å ta inn att fleire av desse ruteområda på anbod.
Den vurderinga vil tydeleg ikkje samferdselsminister Knut Arild Hareide ta måndag. NETT NO spurte i kva grad oppmodinga blir vurdert – og konkret kva for moglegheiter som ligg føre for Oslo-Hovden-ruta.
Via sin kommunikasjonsavdeling svarar statsråden at han tek avgjerda til flyselskapet til etterretning, og at regjeringa er «opptekne av å styrke den allmenne konkurransekrafta til norsk luftfart og betre lønnsemda, også for kommersielle flyruter i distrikta».

– Har gitt avgiftslette

Samferdselsministeren viser til at regjeringa mellom anna nyleg letta på kostnadane med den sokalla startavgifta. Det er også gjort endringar i fordelinga av innflygingskostnadene.
– Desse tiltaka har slått positivt ut for Widerøe, men til trass for dette har Widerøe sett behov for å tilpasse produksjonen på kommersielle ruter, grunna utviklinga i andre kostnader, seier Hareide.
Statsråden lovar at han vil følgje utviklinga tett og vurdere korleis negative konsekvensar kan handterast best.
– Widerøe sitt tilbod er svært viktig for mange som bur i distrikts-Norge, og eg er difor bekymra for konsekvensane av desse rutekutta, seier Hareide.

Populær mellom næringslivet

Den aktuelle flyginga Oslo-Hovde om føremiddagen, var i anbodsordninga tidlegare. Flyplassjef Svein-Arne Vik at ruta har vore populær mellom næringslivet. Han viser elles til at Avinor har bestemt at deira personell ikkje skal uttale seg om avgjerda til Widerøe.
Med avgang frå Hovden ved halv ti-tida har det vore greitt å ta ein dagstur til Oslo med retur på ettermiddagen. Det vil ikkje lengre vere mogleg med direktereise. Men Hovden har også to daglege avgangar til Oslo via Bergen og Sogndal.

Les også:


– Ekstremt avgjerande for verdiskapinga

Nyleg har Utviklingsforum Ørsta/Volda lufthamn Hovden teke kontakt med samferdselsdepartementet for å be dei sjå på kva som kan gjerast.
– Lufthamna spelar ei sentral rolle for samfunnet og næringslivet. Over 60 prosent av trafikken er næringsrelatert, noko som gjer at denne flyplassen er ekstremt avgjerande for verdiskapinga i vårt distrikt, heiter det i eit brev frå forumet til departementet.
Dei ser føre seg to alternativ: Anten å sjå på avgiftsnivået – eller gå tilbake til statlege kjøp av flyruter.
Utviklingsforumet stiller også spørsmål ved at det ikkje skal vere mogleg å drive kommersielt forsvarleg med ein kabinfaktor på 65-70 prosent i snitt, og har bedt om eit møte med departementet. Næringssjef Odd Magne Vinjevoll i Ørsta opplyser til NETT NO at dei ikkje har fått tilbakemelding på førespurnaden.

Les også:


Trafikktala 2019:


Publisert: 17.02.2020 16:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53