Vil gjenreise Selje hotel
HOTELL: Selje kan på nytt få hotell etter at ei lokal investorgruppe har gått saman og arbeider for bygging av nytt hotell på branntomta av det gamle.
Nytt

Vil gjenreise Selje hotel

Lokale investorar planlegg nytt Selje-hotell etter brannen i 2016.

25.03.2019
Selskapet Selje Hotell Invest AS vil gjere eit forsøk på å få gjenreist eit framtidsretta og drivverdig hotell på branntomta etter det nedbrende Selje-hotellet.
Dette skriv , og viser til ei pressemelding frå selskapet.
Bak Selje Hotell Invest AS står Nordfjord AS, ORV Holding AS, Norhus Ørsta AS, Selje Bolig Utvikling AS, Bjarne Krakereid Invest AS og Stadhav AS.

- Ser potensiale

Fleire mulege investorar har tidlegare vurdert bygging av nytt hotell, men desse har trekt seg undervegs.
Men den nye investorgruppa skriv at ein ser «eit potensial i at det blir bygga eit framtidsretta hotell i Selje, både for samfunnsutviklinga, men også for ytre Nordfjord som reiselivsdestinasjon.»
Selje hotell brann ned hausten 2016. Ein av dei svensk-tyrkiske eigarane har tilstått og er dømt i tingretten for å ha tent på hotellet.
Hotellselskapet blei slått konkurs i mai 2017.

Publisert: 25.03.2019 12:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23