Vil gi kompensasjon til bedrifter som har faatt yrkesforbod
KORONATILAK: Næringsminister Iselin Nybø. 
Nytt

Vil gi kompensasjon til bedrifter som har fått yrkesforbod

Næringsminister Iselin Nybø (V) seier regjeringa jobbar med ei kompensasjonsordning for kriseramma bedrifter.

25.03.2020
NPK-NTB: Det fortel .
– Vi jobbar no med ei kompensasjonsordning. Vi snakkar med NHO og Virke om innretninga på ei kompensasjonsordning. Ho må treffe dei bedriftene ho skal, ho må vere dimensjonert riktig, og vi må sikre at pengane kjem raskt, seier Nybø til avisa.
Ei ordning med såkalla kontantstøtte har vore etterlyst av arbeidsgivarorganisasjonane Virke og NHO og handlar om at bedrifter som har fått yrkesforbod på grunn av viruskrisa, skal få hjelp til å få dekt kontinuerlege utgifter som husleige.
Frp, Sp og Ap er alle positive til slik kompensasjon.

- Omfattande ordning

Finansminister Jan Tore Sanner (H) seier i ein skriftleg kommentar til NTB at ei «omfattande ordning» er på veg.
– Det er mange detaljar som skal på plass, men vi håper å kunne seie litt meir om denne ordninga fredag, seier han.

Kreditt og kontantar

NHO-sjef Ole Erik Almlid strekar under at bedriftene treng både kreditt og kontantar. Kriselån og utsett innbetaling av skattar og avgifter er ikkje nok åleine, åtvarar han.
– Det er openbert at bedrifter som har fått yrkesforbod, må få ein kompensasjon for dette, seier Almlid.

Publisert: 25.03.2020 17:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55