Vil gi kommunane meir makt i vindkraftsaker
VINDKRAFT: KS vil at kommunane skal ha meir å seie i spørsmåla rundt vindkraft, som her på Haramsøya, der det er sterke protestar mot vedtaket om å setje opp åtte vindturbinar.
Nytt

Vil gi kommunane meir makt i vindkraftsaker

KS vil at plan- og bygningslova skal spele ei sentral rolle når det skal leggjast fram eit nytt konsesjonssystem for vindkraftsaker.

27.05.2020
NPK- Kjell Åsmund Sunde: – Det vil gi sterkare lokal forankring til prosessane, seier styreleiaren i KS.
Onsdag møtte KS kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup. Under møtet la dei fram sine synspunkt på kva den nye konsesjonsordninga for vindkraft bør innehalde.
– I utgangspunktet er det Olje- og energidepartementet som har saka. Vi har komme med innspel til dei tidlegare, men vi ønskte òg å legge fram synspunkta våre for kommunalministeren. Hovudbodskapen er at vi treng sterkare lokal forankring i desse prosjekta og prosessane, seier styreleiar Bjørn Arild Gram i KS til Nynorsk pressekontor.

Kommunane får meir makt

I dag er det energilova som ligg til grunn når ein deler ut vindkraftkonsesjonar.
– Ved å ha plan- og byggingslova som grunnlag i desse sakene i staden for energilova, vil kommunane sitte i førarsetet i planprosessen, seier Gram.
– Dersom ein handterer vindkraft som ein del av normale arealforvaltingsprosessar i kommunane, sikrar det at kommunane kjem inn i prosessen på eit tidleg tidspunkt. Kommunen blir primær planmyndigheit i staden for høyringsinstans, legg han til.

Vanskeleg å unngå konflikt

Vindkraftutbygging har dei siste åra vore eit omdiskutert tema. Gram trur at konfliktnivået kan dempast dersom plan- og bygningslova blir lagt til grunn for prosessane.
– Konfliktane vil vere der uansett, men vi må få så gode prosessar som mogleg. Difor meiner vi at plan- og bygningslova er det beste verktøyet. Den er kjent. Den følgjer prosedyrar som jamt over har tillit, konstaterer han.
KS trur òg at plan- og bygningslova vil gi meir openheit rundt prosessane.
– Avvegingar mellom ulike samfunnsinteresser vil gå føre seg på ein meir grundig og demokratisk måte. Det vil vere eit kommunestyre som gjer avvegingane og ikkje NVE. Vi trur det vil dempe konfliktnivået, avsluttar han
Konfliktane vil vere der uansett, men vi må få så gode prosessar som mogleg

Publisert: 27.05.2020 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57