Vil framskunde skattefordel
FRAMSKUNDE: Bedriftene bør få skattefordelen av gamle underskot no, og ikkje seinare, meiner Ulstein Group-sjef Gunvor Ulstein.
Nytt

Vil framskunde skattefordel

Forskot på skattefordelen av framførbare underskot kan hjelpe maritim klynge gjennom krisa, meiner Gunvor Ulstein.

11.05.2020
Næringslivet bør få fordelen av at tidlegare års underskot kan trekkjast frå på skatten med ein gang, i staden for å måtte vente fleire år- til koronakrisa er over. Det er eitt av tiltaka som Ulstein Group-sjef Gunvor Ulstein lanserte då ho deltok i eit nettmøte med næringsminister Iselin Nybø i dag. Møtet vart arrangert av bransjeorganisasjonen Maritim Forum.
I dag er regelverket slik at tidlegare tiders underskot kan trekkjast frå når bedriftene går i pluss igjen. Dermed blir det skattepliktige overskotet redusert, og difor har gamle underskot også ein verdi. Den verdien treng næringa no, meiner Ulstein.

Fordel på forskot

I den økonomiske krisa som koronepidemien har utløyst vil Ulstein at styresmaktene etablerere ei ordning "der balanseført utsatt skattefordel på grunn av underskudd i perioden 2015 – 2020 vert gitt på forskudd til bedriftene."
Halvparten av forskotet bør kome i år, resten neste år, meiner ho.
Poenget er å fylle på kassa i ei krisetid, staden for å vente til bedriftene går i pluss igjen.

Omstilling

Då oljeprisen stupte i 2014 slutta offshorereiarane å bestille nye skip. Verft, som i fleire år i stor grad hadde bygd offshorefarty, måtte snu seg mot andre marknader.
Løysinga blei mellom anna cruisesskip, serviceskip til offshore vindkraftproduksjon og fiskebåtar. I første omgang gav det store tap for verfta. No - når dei kunne vente å hauste av erfaringane og sikre seg nye, og lønsame kontraktar, kom koronakrisa.
Med koronaepidemine forsvann også sjansen til å få rask nytte av skattefordelen av underskota verfta har opparbeidd seg under omstillinga frå på bygge offshorefarty til andre farty.

Ber om tiltak

LO, NHO og Maritimt Forum har tidlegare i vår kom med framlegg til fleire motkonjunkturtiltak for maritime bedrifter i eit felles brev til Storting og Regjering; Bygging av statlege farty som nye mineryddarar og forskingsfartøy og støtte til fornying av nærskipsfarten.

Regjeringa har varsla at den vil legge fram eit eige framlegg for støttetiltak for større bedrifter, medrekna maritim bransje. Det vil kome før sommaren, i følgje næringsministeren. Også revidert nasjonalbudsjett, som kjem denne veka, vil innhalde framlegg om støttetiltak.
Eitt av dei er 100 millionar kroner i støtte for å skipet ut gamle kystfraktfarty,

Publisert: 11.05.2020 15:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57