Vil forske paa heile Nord Atlanteren
MEIR FORSKING: Møreforsking har stått i spissen for eit internasjonalt forskingsprosjekt på økosystem og fiskebestandar langs Aust-Grønland. Det viser mellom anna varmare hav, og redusert artsrikdom. Denne veka har forskarar frå fleire land oppsummert funna i prosjektet i ein konferanse i Ålesund. Møreforskingsjef Agnes Gundersen (til venstre) har hatt fleire forskarar frå Møreforsking med på prosjeket, mellom dei Margrete Emblemsvåg (til høgre).
Nytt

Vil forske på heile Nord-Atlanteren

I innspurten av av Møreforsknings største prosjekt nokon sinne, siktar Møreforskingsjef Agnes Gundersen mot eit enda større oppdrag.

11.12.2019
I 2015 fekk Møreforsking oppdraget med å styre kartlegginga av økosystemet og fiskebestandane i havet ved Aust-Grønland, eit kartlegging som har skjedd i samarbeid med forskarar frå Tyskland, Danmark, Island, Grønland og Noreg.

I dag og i går har forskarane vore samla i Ålesund for å gjere ei førebels oppsummering av det dei har funne ut. Møreforskingsjef Agnes Gundersen er alt i gang med å sikte seg inn mot eit forskingsprosjekt som femner om store deler av Nord-Atlanteren.

Forvaltning må følgje fisken

Det handlar mellom anna om å skaffe kunnskap som må til for å forvalte fisket i eit område der endringane i kvar fiskebestanden flyttar på seg ser ut til å gå raskare enn før.
- Fiskebestandane er mobile og fleksible, det er ikkje forvaltningsmodellane våre, seier Gundersen.
I førre veke løyvde Nordisk Ministerråd 250.000 danske kroner for at Møreforsking skal få vurdert korleis samarbeidsmodellen i Aust-Grønlandsprosjektet kan halde fram, og utvidast.
Det opnar for forsking på samanhengane i økosystemet i eit langt større område.
- Det er det vi drøymer om å få til. Eit prosjekt som ser samanhengane og skaper felles forståing og kunnskap, seier Gundersen

Mindre mangfald

Mykje av arbeidet i Grønlandsprosjektet har handla om å samle saman og analysere data frå opptil 40 år tilbake, som er henta inn frå mange ulike aktørar. Hittil har denne kunnskapen vore fragmentert.
Saman med resultat frå nyare forskingstokt og målingar har forskarane konkludert med ei temperaturstigning i djupare farvatn på cirka ei halv grad i dei viktigaste fiskeområda og eit redusert artsmangfald. Det er stikk i strid med funna frå Barentshavet, det det ser ut til at stigande temperatur aukar artsmangfaldet.
Gundersen seier ei forklaring kan vere at medan Barenthavet har ein dominerande straum frå sør som fraktar nye organismar inn området, har området langs Aust-Grønland også ein straum med kaldt vatn frå nord som kan ha motsett effekt. Landskapet på botnen kan og spele ei rolle. Barenthavet kan samanlikast med ei slette der fisk og andre organismar lett kan streife omkring til gunstige tilhøve.
Sjøbotnen aust for Grønland er meir å samanlikne med eit fjell-landskap der botnfisken - som er den kommersielt mest interessante - er meir stadbunden og dermed også meir sårbar om klima og andre tilhøve endrar seg.

Publisert: 11.12.2019 18:30

Sist oppdatert: 18.05.2021 10:40