Vil flytte lusebehandling ombord
FORBOD: Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) vil forby utslepp av lusemiddel ved oppdrettsanlegg. Nesvik møtte oppdrettsnæringa i førre veke. Tema for møtet var bruk av brønnbåt og behandling i merd på anlegget. 
Nytt

Vil flytte lusebehandling ombord

All kjemikaliebehandling mot lakselus skal flyttast frå oppdrettsanlegga i sjøen og ombord i brønnbåtane. 

25.09.2018
NPK-NTB: Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) vil forby utslepp av lusemiddel ved oppdrettsanlegg.
– Det er viktig at vi har eit føre-var-perspektiv. Vi ser at det er fleire utfordringar knytt til bruk av hydrogenperoksid og lusebehandling. Inntil vi har meir kunnskap på plass foreslår vi at det skal vere forbode å sleppe ut lusemiddel ved oppdrettsanlegg, seier fiskeriministeren.

Berre i brønnbåt

Nærings- og fiskeridepartementet vil om kort tid sende eit forslag til mellombelse tiltak på høyring. Forslaget inneber at legemiddel mot lakselus til såkalla badebehandling berre kan brukast når behandlinga blir gjort i brønnbåt, ikkje i merd med presenning.
Det mellombelse forbodet vil gjelde oppdrettsanlegg som ligg i reke- eller gytefelt, eller nærmare enn 500 meter frå slike felt. Vatnet som er brukt til lusebehandlinga må transporterast bort frå anlegget.

Vil ha vekst utan miljøskade

Nesvik møtte oppdrettsnæringa i førre veke. Tema for møtet var bruk av brønnbåt og behandling i merd på anlegget.
– Regjeringa ønsker å legge til rette for berekraftig vekst i oppdrettsnæringa. Det vil alltid vere eit visst behov for å bruke legemiddel i oppdrett, men vi skal ikkje ha ein bruk som gir uakseptable effektar på miljøet, seier statsråden.

Publisert: 25.09.2018 12:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26