Vil fjerne 60 oppdrettsanlegg paa Vestlandet
Nytt

Vil fjerne 60 oppdrettsanlegg på Vestlandet

Havforskingsinstituttet vil samle produksjonen til færre anlegg for å få bukt med lus, smittespreiing og høge dødsratar i oppdrettsmerdane.

17.01.2020
(NPK-NTB): Havforskingsinstituttet foreslår å ha 60 færre oppdrettsanlegg på Vestlandet. Det radikale forslaget vart presentert fredag i eit møte mellom Havforskingsinstituttet og næringa, skriv .
Den samla produksjonen skal ikkje gå ned, men flyttast frå problemanlegg til anlegg med mindre lus og sjukdom.
– Forslaget vårt er å redusera talet på oppdrettsanlegg ganske kraftig, men halda på dei beste lokalitetane og auka produksjonen her, seier forskingsdirektør Geir Lasse Taranger ved Havforskingsinstituttet.
Forslaga gjeld for produksjonssone 3 som strekkjer seg frå Karmøy til Sotra, og omfattar mellom anna den utsette Hardangerfjorden. I området står 167 oppdrettsanlegg svært tett.
Det er Nærings- og fiskeridepartementet som har bestilt utgreiinga frå Havforskingsinstituttet. Departementet har lenge vore bekymra for dei store problema med lus og sjukdom i området.
(©NPK)

Publisert: 17.01.2020 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50