Vil finne vekstskaparar i A Alesund
VANN REGIONFINALE I FJOR: Sindre Vartdal, Ingvild Vartdal, Jan Endre Vartdal (nr. 3, 4 og 5 f.v.) frå Vartdal plast var glade finalistar i fjor. 
Nytt

Vil finne vekstskaparar i Ålesund

Regionfinalen for «Entrepreneur Of The Year» kjem for første gong til Ålesund.

Marius Rosbach
09.09.2019
«Entrepreneur Of The Year» er både ei konkurranse og eit vekstskaparprogram, og det er EY som arrangerer kåringa for 18. året i Norge.
Regionfinalen går onsdag 30. oktober på Terminalen Byscene i Ålesund. Vinnarane herifrå går vidare til ei nasjonal finale.
– Vi registrerer for tida positiv utvikling av nyetablerte selskap., samt mange spennande vekstplanar mellom dei som allereie er etablert i regionen vår, og synes difor det er ekstra stas at vi held den regionale finalen i Ålesund i år, seier Kristian Framstad som har ansvaret for arrangementet i Ålesund, i ei pressemelding.
I fjor vann Vartdal Plast den regionale finalen og gjekk vidare av dei 52 kandidatane. Ein uavhengig jury vurderer finalistane som blir kåra ved dei ulike regionfinalane.

Les også:



Kring 300 selskap er kvalitet til å delta i årets program. Det krev omsetning på minst 20 millionar, minst 20 tilsette og ein vekst på 20 prosent dei siste to åra.
«Entrepreneur Of The Year» er meir enn berre ei kåring. Deltakarane blir det av eit nettverk med andre selskap, og får tilbod om å delta på ulike arrangement i Norge og i utlandet.
Tidlegare vinnarar frå Nordvestlandet er Brødrene Aa-verftet. Også Stig Remøy, Inge Huse og Jan Kleven har tidligere gått til topps i konkurransen.
Det nasjonale finalen går i Oslo og vinnaren der, går vidare til den internasjonale finalen i Monaco neste sommar.

Publisert: 09.09.2019 14:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39