Vil etablere felles fibernett selskap
SAMANSLÅING: Konsernsjef Erik Espeset vil samle fibernettsatsinga i Tafjord og Nordvest Nett i eitt selskap.
Nytt

Vil etablere felles fibernett-selskap

Tafjord og Nordvest Nett vil slå saman fibernettsatsinga. Investeringsplanar for 200-300 millionar kroner.

07.02.2019
Blir forhandlingane vellukka skal Tafjordkonsernet eige 80 prosent og Nordvest Nett 20 prosent i eit nytt fibernettselskap.
Partane har inngått ein intensjonsavtale om samanslåing av fibernettsatsingane sine. Målet er å ha etablert eit felles selskap før årsskiftet.

200-300 millionar kroner

Konsernsjef Erik Espeset i Tafjord anslår at Tafjord og Nordvest Nett så langt har bygd ut fibernett for rundt 700 millionar kroner, og at det kan bli ytterlegare utbyggingar for 200-300 millionar kroner dei neste fem åra.
Fibernettet blir bygd ut for å auke dataoverføringskapasiten.

Blir eigar

Nordvest Nett er eit nettselskap som er eigd av Vestnes, Ørskog, Skodje og Stordal. Selskapet har bygd ut fibernett i dei fire eigarkommunane, og i Haram.
Fibernettet har vore leigd ut til Tafjord gjennom langvarige avtaltar, der Tafjord står for drifta av nettet. No blir leigeavtalane skifta ut med aksjar i eit felles fibernettselskap i staden.
Tafjord har ein liknande leigeavtale med Stranda Energi.

Publisert: 07.02.2019 12:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31