Vil doble olivinproduksjonen i aar
OLIVIN: Her lastar MC Melina 8.000 tonn olivin i Steinsvika i november 2018. Denne lasten vart levert i Rotterdam, og deretter frakta på leekter opp Rhinen til Düsseldorf.
Nytt

Vil doble olivinproduksjonen i år

I år kjem det til å gå over 50.000 tonn olivin frå Steinsvika.

14.06.2019

- I år ser det bra ut. Vi kjem til å doble produksjonen frå i fjor. Minst.

Det seier adm. dir. Robert Welsvik i Steinsvik Olivine.

I fjor vart det eksportert rundt 25.000 tonn olivinsand frå Steinsvika i Dalsfjorden.

- Vi har alt passert 30.000 hittil i år. Ytterlegare 10.000 tonn skal transporterast i juli, seier Welsvik.

Kjøper utstyr
I fjor stoppa omsetninga på tre millionar kroner, og resultatet før skatt enda så vidt i minus.

- I år ser det langt betre ut, seier Welsvik.

Han opplyser at det no er to eigne tilsette, i tillegg til fire innleigde.

God tilgang
Selskapet er no i ferd med å kjøpe eige produksjonsutstyr. Hittil har ein stor grad basert seg på innleige.

- Vi jobbar oss no gradvis nedover i forekomsten. Her er god tilgang til olivin i minst ti år framover, seier Welsvik.

Welsvik eig 51 prosent av aksjane i gruveselskapet han overtok i 2009.

Tyskland
Dei andre aksjane er likt fordelte mellom dei tyske selskapa Intocast Aktiengesellschaft og Scheruhn Industriemineralien.

All olivinen har hittil vorte send til Tyskland.

Siste åra har Steinsvik Olivine konsentert seg om å levere olivin til bruk i produksjon av eldfaste omnar, men no har også den første lasten gått til den tyske aluminiumsindustrien, som har store leveransar til tysk bilindustri.

Olivinforekomsten i Steinsvika er i utgangspunktet kalkulert til å vere på 1,4 millionar tonn i dagbrot og ytterlegare 40 millionar tonn som må takast ut i gruvedrift.

Steinsvik Olivine

Årsresultat (i mill kr)

2018

2017

Driftsinntekter

3

2,6

Driftsresultat

0,04

0,2

Res. før skatt

-0,01

0,1


Publisert: 14.06.2019 06:00

Sist oppdatert: 03.09.2021 15:19