Vil dele paa risikoen i skipsbygging
SKEIVT FORDELT: Dagens skipsbyggingskontraktar legg ansvar og risiko på verfta. Lars Gørvell-Dahll (biletet) vil at også utstyrsleverandørane skal vere med og dele på ansvar og risiko.
Nytt

Vil dele på risikoen i skipsbygging

Fleirtalet av maritime utstyrsleverandørane er samde i at ansvarsfordelinga i skipsbyggingskontraktane er feil. I dag er det verfta som tek storparten av risikoen.

03.11.2020
- Vi har hatt ein draum veldig lenge om at utstyrsleverandørane går saman med verfta om å inngå kontraktar, sa bransjesjef for maritim industri, Lars Gørvell-Dahll, i Norsk Industri på et arrangement i Ålesund Shippingklubb mandag kveld.
Alle dei fire store skipsbyggingsselskapa i Noreg har hatt store underskot dei siste åra. I år har Kleven gått konkurs, Havyard arbeider med ei refinansiering, Vard blir finansiert av sin italienske eigar og Ulstein Verft av Ulstein Group.

Treng verfta

Tysdag presenterer Norsk Industri ein fersk rapport om den maritime utstyrsindustrien, bedriftene som lagar alt frå skipsbruer og motorar til vinsjer og propellar.
Det er i samband med den rapporten at 60 prosent av utstyrsbedriftene svarar at dagens skipsbyggingskontrakter gir verfta for stor del av ansvaret for at skipa blir bygd som dei skal, både når det gjeld kvalitet og kostnadar.Berre seks prosent av dei spurte er usamd i at verfta ber ein for stor del av risikoen.
Sjølv om berre omlag 16 prosent av inntektene til utstyrsleverandørane kjem frå utstyr som blir levert til skip som blir bygd i Noreg, svarar 75 av utstyrsleverandørane at norske verft er viktige for dei.
Ein av grunnane til det er at norske verft gir norske utstyrsleverandørar sjansen til å teste ut nytt utstyr og idear, ifølgje Gørvell Dahll.

Verfta den svake part

I dag er verfta den svake parten i forhandlingane. Det er ein av grunnane til at kontraktane er som dei er.
- Dei er ikkje i den gode situasjonen der dei har makt, seier Gørvell Dahll.

Les også:




Publisert: 03.11.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04