Vil dele Statnett linjer i to
MILLIARD: Frå utbygginga på Sulesund, eitt av ferjesambanda som får straum til  batteriferjene. Etter at Tafjord og Tussa slo saman nettselskap sine til Mørenett i 2014 har Mørenett investert omlag ein milliard kroner i nettet på Sunnmøre. Neste steg er å overta Statnett sitt nett på Nordmøre og i Romsdal, uavhengig av at fylkesutvalet i Møre og Romsdal meiner det nettet bør overtakast av dei lokale nettselskapa der.
Nytt

Vil dele Statnett-linjer i to

Fleirtalet i fylkesutvalet meiner linjenettet i Møre og Romsdal bør delast mellom Mørenett og Nordmøre og Romsdal regionalnett - stikk i strid med Mørenett sine planar og avtalar.

04.11.2020
Mørenett har ein intensjonsavtale med Statnett om at Mørenett skal kjøpe 400 kilometer av Statnett sitt kraftnett på Nordmøre og i Romsdal. Frå før eig Mørenett eit tilsvarande nett på Sunnmøre.
Den avtalte prisen er omlag 350 millionar kroner.
Om Mørenett får overta i Romsdal og på Nordmøre, er planen deretter å investere 400 millionar kroner i nettet der innan fem år. Det sa administrerande direktør Rune Kiperberg til NETT NO i juni i år.

Vil ikkje ha Mørenett-løysing

På onsdagens møte i fylkesutvalet i Møre og Romsdal sto eit framlegg frå fylkeskommunedirektøren (fylkesrådmann) på saklista.
Han ville ikkje at Mørenett skulle overta Statnett sitt nett på Nordmøre og Romsdal, men ville samle alle nettselskap i fylket til eitt, med alle dagens eigarar i nettselskap som medeigarar. Eventuelt ville han ha inn ein ekstra investor for å balansere eigarfordelinga.
Det fekk han ikkje fylkesutvalet med på. Fleirtalet i fylkesutvalet er positive til å ende opp med eitt selskap, men røysta for at Statnett sitt nett først skal delast mellom Mørenett og Nordmøre og Romsdal regionalnett, som er eit samarbeid mellom nettselskapa på Nordmøre og i Romsdal.
Deretter kan det arbeidast vidare for å få til eitt selskap.

Avtale i år

Med unntak av ein aksjepost på 25 prosent i Svorka Energi har ikkje fylkeskommunen eigarinteresser i kraftbransjen i Møre og Romsdal.
Administrerande direktør Rune Kiperberg seier Mørenett er positive til at fylkesutvalet vil ha eitt nettselskap, med seier prosessen for korleis det skal skje er ei sak for selskap og eigarane - ikkje ei sak for fylkeskommunen.
Mørenett arbeider vidare for å få på plass avtalen med Statnett og reknar med at den er på plass i løpet av året, med atterhald om at Norges Vassdrag og Energivesen godkjenner salet. Den godkjenninga reknar Kiperberg med å ha på plass i løpet av 1. kvartal 2021.

Publisert: 04.11.2020 16:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04