Vil byggje lukka oppdrettsanlegg ved norske skipsverft
STÅL: Slik ser Marad Norway for seg at eit lukka oppdrettsanlegg i stål vil sjå ut. På toppdekket er det eit eige 'styrehus' som inneheld alle funksjonane for anlegget.
Nytt

Vil byggje lukka oppdrettsanlegg ved norske skipsverft

Herøy-selskapet Marad Norway meiner dei har funne løysinga på dei fleste problema lakseoppdrettarane slit med.

27.11.2017
- På mange måtar flyttar vi landbasert oppdrett attende til havet, seier Bjørn Endresen.
Medan mange aktørar satsar på lukka merder i plastmateriale, kompositt eller betong, satsar Endresen og partnaren Aasmund Torvik på stål.
- Der er stor aktivitet i næringa for å finne gode løysingar, men vi ser og at mange aktørar har feila. Det vert store dimensjonar på lukka merder, noko som gir store belastningar på konstruksjonen. Difor meiner vi stål er beste løysinga.

Stenger lusa ute

Marad Norway lanserer no løysinga Torus Seafarms, og har søkt Fiskeridirektoratet om to utviklingsløyve.
- Det vil vere ei kostnadseffektiv løysing og vere eit viktig bidrag i å handtere oppdrettsnæringa sine utfordringar, seier Torvik.
- Vi er sikre på at lukka løysingar er framtida.
I dag er det rundt 1100 opne anlegg langs norskekysten.
- Vår løysing vil effektivt kunne stoppe sjukdomsutbrot, rømming, miljøutslepp og ikkje minst hindre lakselusa frå å kome til i merden, seier Torvik.

Mange opne eller semi-opne løysingar

Regjeringa har over fleire år hatt oppdrett som eit satsingsområde og via utviklingsløyve lagt til rette for at næringa skal kome opp med ny teknologi for å sikre veksten.
Samtidig vil regjeringa at næringa må handtere miljøutfordringar og aukande krav til fiskevelferd.
- Difor er det strenge krav til innovasjonsgraden, noko som gir betydelege investeringar før utviklingsløyve vert tildelt, seier Endresen.
Han viser til at det er mange søknader inne til behandling hos Fiskeridirektoratet.
- Brorparten av søknadene omhandlar opne og semi-opne løysingar, noko som gjer at laksen framleis vil være eksponert for lakselus og sjukdomar som flyttar seg med kyststraumen.
- For den nye store havmerden som er tatt i bruk, er det alt meldt frå til myndigheitene om lusepåslag.

Mykje laks døyr

Endresen viser til at det i dag vert brukt enorme summar på lusekamp og andre helsefremmande tiltak.
- I 2016 vart det eksportert om lag 1 million tonn med laks, men samstundes anslår fiskehelserapporten at tapa innan oppdrett i 2016 var på rundt 10 milliardar kroner og at 20 % av laksen døyr i merdane.
- Om all laksen kunne vekse seg ferdig, kunne eksporten faktisk ha vore på ytterlegare 200.000 tonn, seier Endresen.

Kontrollbygg

Sidan Marad Norway er inne i ein patentprosess, vil ikkje Endresen og Torvik røpe alle detaljar rundt satsinga. Men eitt av særmerka for deira løysing er at ein på toppdekket vil ha eit kontrollbygg som inneheld alle funksjonar for anlegget.
Her vil det mellom anna vere kontor, utluftingssystem, oksygengenerator, fôringsstasjon, anlegg for filtrering av alt vatn inn og ut av anlegget og sensorar til å overvake alt frå vasskvalitet til pumper.
- Slam frå oppdrett er også ein ressurs som har nytteverdi. I dag er slammet den største kilda til utslepp av næringssalt langs kysten, men vi kan reinse, tørke og levere slammet i land. Då kan det nyttast som gjødsel og fleire firma forskar i dag på korleis gjenbruk av fosfor frå slammet kan kommersialiserast, seier Endresen.
Der det er praktisk gjennomførbart, vil Torus-merden ha straumforsyning frå land.
- Men der vil vere alternative energiløysingar, slik som hybrid energi. Fleire 'Torusar' kan også setjast saman og størrelsane kan endrast alt etter behov.

Håper på lokal bygging

Planen er at etter nyttår skal ein modell av Torus Seafarm testast i havbasseng.
- Der er mange liknande konstruksjonar i bruk ute til havs innan oljeindustrien, så vi trur ikkje at det kjem store overraskelsar under testen, men det er veldig viktig å kunne dokumentere at dette vil vere ei solid plattform for oppdrett av laks i sjø, og for dei som skal ha arbeidsplassen sin her.
- Så må vi og ha ei runde med skipsverfta for å diskutere konstruksjonsmessige detaljar som kan forenkle bygginga.
- Vi held til midt i den maritime klynga og kjenner dei fleste som er aktuelle partnarar og leverandørar, seier Endresen, som gjerne ser at bygginga skal skje lokalt på Sunnmøre.

Planlegg emisjon

Han viser til at Fiskeridirektoratet har betydelege krav til dokumentasjon i si vidare behandling av søknader.
- Vi må auke eigenkapitalen for å dekke dei investeringane som må til framover. Vi har fått gode signal frå fleire interessentar, men ser gjerne at fleire tek kontakt for å tidleg-investere i noko som vi har stor tru på vil et industri-teknologisk eventyr, seier Endresen.
Om alt går etter planen, håper dei å starte produksjon av prototypen i løpet av tredje kvartal neste år. Denne prototypen vil mest truleg ha ein diameter på 30 meter, ei djupne på rundt 15 meter og eit dekkshus på rundt 700 kvadratmeter.
Dei melder om positiv interesse for prosjektet.
- Vi har fått god drahjelp frå Innovasjon Norge og frå Ålesund Kunnskapspark, seier Endresen.
- Sjølv om vi har hatt fokus på å lage eit produkt som kan brukast i fjordane og ute i havet i Norge, så merkar vi også interesse frå utanlandske oppdrettsaktørar.
Om all laksen kunne vekse seg ferdig, kunne eksporten faktisk ha vore på ytterlegare 200.000 tonn

Publisert: 27.11.2017 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16