Vil byggje fire hurtigruter
STORSATSING: Per Sævik vil satse over tre milliardar kroner på bygging av fire skip for å trafikkere Kystruta Bergen - Kirkenes.
Nytt

Vil byggje fire hurtigruter

Per Sævik tek opp kampen med Hurtigruten og satsar over tre milliardar kroner på bygging av fire miljøvenlege skip.

16.01.2018
- Vi hadde ikkje satsa så mykje pengar og arbeid viss vi ikkje hadde god tru på å vinne fram, seier Per Sævik.
Hurtigruten AS har allereie signalisert at det selskapet vil konkurrere på alle tre pakkane på tre, fire og fire skip som skal segle Kystruta Bergen – Kirkenes. Per Sævik seier at han ikkje er redd for konkurranse frå Hurtigruten.
- Det selskapet har ein fordel ved at ein kan tilby eldre og rimelegare skip. Samstundes vil vi nok skåre høgt på miljø, som det skal leggjast stor vekt på, seier Sævik.
Les her:
Han fryktar ikkje at dei to selskapa vil øydeleggje for kvarandre.
- Nei, dette vil garantert greie seg i sjøen så fort som departementet har fordelt anbuda. Det er også slik at vi pliktar å samarbeide om eit ruteopplegg dersom kontraktane vert fordelte på meir enn ein aktør.

Herøy-satsing

Det er familieselskapet Havila Kystruten som har lagt inn anbudet, og ikkje Fjord1, som Sævik-familien er majoritetseigar i.
- Nei, dette er ei satsing i vår eigen regi, og der vi kjem til å leggje hovudbasen for satsinga på Mjølstadneset i Herøy.
Det er Havila Management som vil få ansvaret for dei rundt 300 tilsette på dei fire skipa, om Havila Kystruten vinn fram.
- I tillegg vil vi byggje opp ein eigen organisasjon med eigne tilsette, seier Sævik.
Kvart av dei fire Havila-skipa vert 125 meter lange og 20 meter breie. Om bord skal det vere plass til om lag 700 passasjerar.
- Standarden vert høg, seier Sævik.

LNG + batteri

Det er Havyard Group som har designa skipa, der det er lagt stor vekt på miljøvenlege løysingar.
- Dette vert LNG-skip (flytande naturgass, red merk), i tillegg til at det vil vere store batteripakkar om bord.
- Mellom anna vil turane inn Geirangerfjorden skje kun på batteri, seier Sævik.
Havila Kystruten har forhandla med både norske og utanlandske verft om bygging av skipa, mellom anna verft i Kroatia og Spania.
- Totalt vil det vere snakk om ei investering på over tre milliardar kroner, seier Sævik.

Stor tru på reiseliv

Han seier at satsinga er ein lekk i Havila Holding sin satsing på reiseliv, der ein mellom anna alt er inne i hotelldrift, i tillegg til turistsatsinga i regi av Fjord1.
- Vi har stor tru på reiseliv framover, og spesielt langs kysten. Det er også difor vi er villige til å satse ein så pass stor sum på denne bransjen.
Les her:
Han seier at i tillegg til turisme, er skipa tilrettelegade for lokaltrafikk og gods i tråd med krava frå staten.
- Dette er eit todelt tilbod, der vi forpliktar oss til å utføre visse tenester, men der vi har spelerom når det gjeld turistsatsinga.
- Med dei skipa vi satsar på får vi ein ideell kombinasjon, seier Sævik.

Tiårs avtale

Fristen for å leggje inn bod gjekk ut 12. januar. Samferdsledepartementet har bestemt seg for å ikkje gå ut med kor mange som har lagt inn bod før vurderinga av anbuda og forhandlingane er ferdige.
Den nye avtalen skal gjelde i ti år, pluss gjensidig opsjon på eitt år.
Departementet har opplyst at ein tek sikte på at kontrakt kan inngåast innan utgangen av mars 2018.
- Vi er klare. Dette er ei av dei største satsingane vi har gjort i vår regi, seier den tidlegare offshore-pioneren Per Sævik.
Ps: Havila Kystruten er eit heilegd selskap av Havila Holding, som eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media, utgivarselskapet bak NETT NO.
Mellom anna vil turane inn Geirangerfjorden skje kun på batteri

Publisert: 16.01.2018 20:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17