Vil bygge ny og dobbelt saa stor havfarm
TIL HAVS: Salmar med Kongsberg Maritime på laget vil bygge eit nytt stort oppdrettsanlegg til havs. Også Rolls-Royce Marine, Mørenot og Optimar var mellom leverandørane på Sea Farm 1. 
Nytt

Vil bygge ny og dobbelt så stor havfarm

Kongsberg-topp fortalde om gode erfaringar med kjempeanlegget til Salmar.

Marius Rosbach
04.05.2019
Tilhøyrarane ved Haramskonferansen fekk vite om planane for ein ny havfarm då Bård Bjørløw frå Kongsberg Maritime kom til Brattvåg tysdag.
Mannen leiar sal- og marknadsarbeidet til konsernet som er på full fart inn i næringslivet på Nordvestlandet. Tysdag fortalde han om ulike prosjekt dei er involvert i, mellom anna leveransar til Salmars store Sea Farm 1.
– Etter om lag 15 månaders drift kan vi slå fast at kvaliteten og tilveksten har vore god. Det har vore veldig lite problem med lus, og det er ikkje teke ei lusebehandling, sa Bjørløw frå scena.
Han kunne også fortelje om planane for ei nytt anlegg - som vil vere dobbelt så stort - som han håpte ville vere bygd innan eit par år.
– Vi trur at vi berre har sett starten på dette fiskeeventyret, la han til.
Eit slikt prosjekt vil vere avhengig av å få ein såkalla utviklingsløyve frå staten for å verte ein realitet.
Kongsberg-leiaren trakk også fram det autonome og farkosten Hugin som kan kartlegge havbotnen på store djup.
Bjørløw skulle snakke om verdiskaping i framtida og meinte var nettopp det:
– Det er langsiktig verdiskaping i praksis, sa han og takka for den god mottakinga dei hadde fått frå ulike aktørar i distriktet.

Meir frå Haramskonferansen:





Publisert: 04.05.2019 11:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31