Vil bruke skipstunnelen fast
KYSTRUTEN: Dagleg leiar Arild Myrvoll i Havila Kystruten håper på at skipstunnelen gjennom Stadlandet vert bygt, noko som fører til at Havila Kystruten vil bruke tunnelen som ei oppleving for dei reisande.
Nytt

Vil bruke skipstunnelen fast

Havila Kystruten sine fire skip vil gå gjennom Stad skipstunnel, om tunnelen vert bygt.

10.10.2018
- Vi håpar at tunnelen vert bygt. Det vert ein enorm turistattraksjon.
Det seier dagleg leiar Arild Myrvoll i Havila Kystruten.
Frå januar 2021 vil selskapet trafikkere strekninga Bergen - Kirkenes med fire skip.

Vil marknadsføre tunnelen

Medan Hurtigruten har vore litt avventande til å bruke skipstunnelen for sine skip som trafikkererer strekninga, er Myrvoll klar på at Havila Kystruten vil bruke den 1700 meter lange tunnelen gjennom Stadlandet fast.
- Då vil vi bruke tunnelen som ein del av marknadføringa overfor reiselivet.
- Å gå gjennom denne tunnelen vert ei enorm oppleving, som heilt klart vil drage fleire reisande.

- Enormt trekkplaster

Han meiner at ein så langt i prosjektet har hatt for stor fokus på sikkerheit for fiskarar og andre sjøfarande.
- Det er ingen tvil om at tunnelen er viktig for mange, spesielt for mindre båtar og for hurtigbåtar, men etter mitt syn er turismedelen for lite fokusert på.
- Tunnelen i seg sjølv vil verte eit enormt trekkplaster.

Ingen planleggingsmidlar

I statsbudsjettet er det lagt til rette for trygg og miljøvennleg ferdsel langs sjøen, men Stad skipstunnel er ikkje blant dei tiltaka som får pengar i statsbudsjettet for neste år.
I statsbudsjettet peikar regjeringa på at ei ekstern kvalitetssikring av forprosjektet til Kystverket i mai i år viste at tunnelen både blir dyrare og får lågare nytteverdi enn ein tidlegare har rekna med.
Regjeringa skriv vidare at dei «på ein eigna måte» vil koma tilbake til Stortinget om vidare behandling av saka. Fleire media skriv at regjeringa vil vurdera heile prosjektet på nytt.

Kritisk Domstein

Leiar i prosjektgruppa for Stad skipstunnel, Rolf Domstein, er på si side kritisk til rapporten som tidlegare i år slo fast at nytteverdien er mindre enn det ein har rekna med. Han meiner det er behov for tunnelen og at trafikken blir større enn det rapporten peikar på.
- Stad skipstunnel er for fiskebåtar, brønnbåtar, passasjerbåtar og slike som ikkje kjem seg forbi Stad i dårleg vêr. Dei store båtane går ute i havet uavhengig av vêret. Vi meiner at alle innan skipsfart i Noreg vil ha nytte av tunnelen, seier han til

- Tar til etterretning

I ein uttale frå styringsgruppen for Stad skipstunnel seier ein at ein tar til etterretning at regjeringa vil kome tilbake til vidare behandling av saka.
- Styringsgruppa jobbar vidare for å realisere Stad skipstunnel og halde tidsplanen om byggjestart i 2021, noko som også er i tråd med Nasjonal transportplan (2018-2029) og Kystverkets handlingsprogram (2018-2029).
Å gå gjennom denne tunnelen vert ei enorm oppleving, som heilt klart vil drage fleire reisande

Publisert: 10.10.2018 11:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26