Vil bruke 3 1 milliardar paa havbotns oppdrett
OPPDRETT: Slik ser Mowi for seg at eit oppdrettsanlegg ved havbotnen vil sjå ut. Laksen vil få luft frå ein slags ballong i toppen av kvart anlegg.
Nytt

Vil bruke 3,1 milliardar på havbotns-oppdrett

Det største oppdrettsanlegget i verda vil bruke norsk teknologi for å stoppe lakselus.

23.04.2019
NPK: Ifølgje vil Mowi, tidlegare Marine Harvest, investere milliardar og nytte norsk undervassteknologi for å fjerne lakselus.
Prosjektleiar Henrik Trengereid seier at dette er den største investeringa selskapet har gjort.

Dykkar under lakselusa

Selskapet vil bruke 3,1 milliardar for å utvikle eit oppdrettsanlegg på havbotnen, då det er bevist at lakselusa held seg på overflata.
Mowi har lenge halde korta tett til brystet om prosjektet «Aquastorm». Men no har dei teke patenta dei treng, og kan presentere planane, skriv NRK.
– Jo djupare ein kjem, jo mindre lakselus finn du i sjøen, seier Ørjan Karlsen ved Havforskingsinstituttet. Han er leiar for det nasjonale overvakingsprogrammet av lakselus og effekten den har på villaks.

Har søkt 36 utviklingsløyve

Mowi har søkt om heile 36 utviklingsløyve frå styresmaktene for å sikre at prosjektet blir lønsamt i lengda, noko selskapet har tru på. Men dei treng løyva for å dokumentere at prosjektet er lønsamt.
– Viss vi hadde eit prosjekt vi var brennsikre på at fungerte, ville vi berre gjort det.
- Men heile poenget med utviklingsløyve er å realisere prosjekt med uviss risiko knytt til det, seier Trengereid til NRK.
Jo djupare ein kjem, jo mindre lakselus finn du i sjøen

Publisert: 23.04.2019 13:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34