Vil auke fisket etter reker i Barentshavet
TILTAK: - Manglande lønsemd for rekeflåten er ei stor utfordring. Vi ynskjer å sjå på tiltak som kan sikre meir rekefiske i Barentshavet, og dermed meir råstoff til nordnorsk rekeindustri, uttalar fiskeriminister Per Sandberg. 
Nytt

Vil auke fisket etter reker i Barentshavet

Nærings- og fiskeridepartementet har i dag sendt ut ei høyring om alternative tiltak som kan bidra til å nå målsettinga om meir rekefiske i Barentshavet.

Kristin Vidhammer
22.01.2018
Det opplyser departementet
- Manglande lønsemd for rekeflåten er ei stor utfordring. Vi ynskjer å sjå på tiltak som kan sikre meir rekefiske i Barentshavet, og dermed meir råstoff til nordnorsk rekeindustri. Det er biologisk forsvarleg med ein markant auke i aktiviteten i dette fisket, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP) i pressemeldinga.
Departementet inviterer høyringsinstansane og andre til å uttale seg om dei alternative tiltaka som er skisserte i høyringsbrevet.

Vurderer oppheving av reguleringar

Det er i dag eit krav om reketrålløyve for å drive fiske etter reker i Barentshavet for fartøy over 19,81 meter. Dei alternative tiltaka er å trekkje tilbake passive reketrålløyve, heve lengdegrensa for krav om løyve, oppheve lengdegrensa og dermed kravet om løyve, eller oppheve lengdegrensa og kravet om løyve og i tillegg gjere ei samla tilbaketrekking av alle reketrålløyve.
- Når tildelte reketrålløyve over tid ikkje vert nytta i særleg grad, så fell grunngjevinga for gjeldande ordning med reketrålløyve bort. Det er derfor naturleg å vurdere å oppheve slike reguleringar som ikkje har særleg funksjon og i tillegg hindrar nye aktørar å etablere seg i fisket, seier Sandberg.
 Det er biologisk forsvarleg med ein markant auke i aktiviteten i dette fisket

Publisert: 22.01.2018 14:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17