Viktigast aa gjenvinne tilliten hos kundar og bankar
KLEVEN: Ørjan Svanevik er ny styreleiar i Kleven Verft. Han meiner at suksessformelen består av systematikk, disiplin og dei rette folka.
Nytt

- Viktigast å gjenvinne tilliten hos kundar og bankar

Han har hjelpt både Kjell Inge Røkke og John Fredriksen til å snu skakk-køyrde selskap. No skal Ørjan Svanevik få skikk på Kleven-skuta.

08.08.2018
- Kleven er eit svært interessant selskap med lang historie, mange dyktige skipsbyggarar og spennande kundar. Samtidig har eg erfaring frå industrien og likar å jobbe med mulegheitene og utfordringane ein møter for å kunne lukkast i denne bransjen.
Det seier den nye styreleiaren ved Kleven Verft etter at han takka ja til Hurtigruten-eigarane til å ta det krevjande vervet.

Restrukturering

Svanevik var tidlegare toppsjef i John Fredriksen-kontrollerte Seatankers, men ifølgje slutta Svanevik på dagen i november 2017.
Svanevik har jobba mykje med restrukturering av selskap, og var tidleg på 2000-talet blant anna involvert i restruktureringa av Kjell Inge Røkke sitt Aker-konsern.
Seinare har det stort sett dreia seg om John Fredriksen-selskap, som Frontline, Arcadia Petroleum, Deep Sea Supply, Golden Ocean, Sevan, North Atlantic Drilling og Seadrill.
Den mest omfattande restruktureringa galdt Seadrill, som Svanevik jobba med i tre år.

Tre suksessfaktorar

No er det Kleven Verft som Svanevik skal bidra til å få skikk på etter at Petter Stordalen og resten av eigarane av Hurtigruten ASA har overtatt full kontroll over verftet.

Svanevik seier at den viktigaste oppgåve for styret no blir å bidra til å gjenvinne tilliten hos bankar og kundar, gjennom at Kleven sin prosjektgjennomføring blir forutsigbar og av god kvalitet.
Han har god tru på at ein skal lukkast.
- Kleven har ei veldig erfaren og dyktig leiing, samt at selskapet har utruleg mange flinke skipsbyggarar. No vert det jobba med eit forbetringsprogram med klart prioriterte aktivitetar.
- Vi har spesielt tre suksessfaktorar som gjer at vi skal lukkast; systematikk, disiplin og dei rette folka, seier han.

Lavare volum

Svanevik strekar under at Kleven skal byggje mange andre fartøy enn dei to ekspedisjonscruiseskipa som verftet no byggjer for Hurtigruten, men han ser ikkje for seg at volumet vert like høgt som tidlegare. Det kan også bety færre tilsette.
- Det er viktig at verftet får ned den faste kostnadsbasen, slik at kravet til volum blir lavare. Då kan verftet vere meir selektiv på kva slags prosjekt ein tek på seg.

Svanevik bur på Snarøya ved Oslo har og har hatt ei lang rekkje tunge styreverv, blant anna i Seadrill, Norgesgruppen, Marine Harvest, North Atlantic Drilling, Archer, Mesta, American Shipping Company, Rignet, Sea Launch, Bjørgvin, rumenske IMGB, kinesiske Hangfa og estiske Nordic Jet Line.

Tungt styre

Med seg i styret får Svanevik den aksjonærvalde trioen Torleif Ernstsen, Tom Einertsen og Olav Nakken.
Torleif Ernstsen er finandirektør i Hurtigruten ASA, medan Nakken er prosjektdirektør for Hurtigruten.
Tom Einertsen har på sin side blant anna vore direktør for sjukehusutbygginga i Tønsberg.
I tillegg er det tre tilsettevalde styremedlemar. Det er Alf Antonsen, Frank Hauge og Chris André Giske Remøy.
Det nye styret skal ha sitt første møte på verftet 22. august.
Det er viktig at verftet får ned den faste kostnadsbasen, slik at kravet til volum blir lavare

Publisert: 08.08.2018 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25