Viktig USA gjennombrot for Ulstein
USA: Aeolus sine servicesskip for havvindindustrien får både Ulstein sin X-bow og X-stern.
Nytt

Viktig USA-gjennombrot for Ulstein

Aeolus Energy med omfattande utviklingssamarbeid med Ulstein for design av servicesskip i den amerikanske havvindindustrien.

16.10.2018
- Vi valte Ulstein som følgje av at dei er leiande innan denne marknaden og kan syne til ei god referanseliste innan design og bygging av offshorevindskip, seier Elia Golfin, administrerande direktør i Aeolus Energy Inc.
– Saman med Ulstein, skal vi utvikle ein moderne flåte, styrke den amerikanske skipsbyggingsindustrien og bidra til ei fornying av havvindindustrien med amerikanskbygde båtar, seier Golfin i ei pressemelding frå Ulstein.
Avtalen gjeld utvikling av Ulstein sitt SX195-design, og er ein kundetilpassa versjon som stettar krava både til og den amerikanske kystvakta.

Skal byggjast i USA

Ulstein opplyser at designoppdraget stettar krava til Jones Act, og gir tilgang til den veksande amerikanske havvindmarknaden.
Oppdraget er eit bidrag inn mot Aerolus si planlagde satsing på ein flåte som inkluderer kabelskip, transittbåtar og hotellskip, der alle skal bli bygde ved amerikanske skipsverft.
Ulstein har satsa stort på design og bygging av servicesskip til havvindindustrien. Hittil har kontraktene vore i den europeiske marknaden.
Kontrakten i USA er dermed eit gjennomslag for Ulstein.

- Svært stolte

Dei nye servicesskipa får både Ulstein sin X-bow og X-stern.
- Havvind er ein av kjernemarknadene våre, og vi er svært stolte av å bli valt som designpartnar av Aeolus for å utvikle dette SOV-skipet, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein, i pressemeldinga.
– Med våre referansar innan SOV- og offshoreskipsdesign, ser vi fram til å støtte Aeolus i å verkeleggjere havvindambisjonane sine og utvikle flåteporteføljen sin.
- Vi har lang erfaring i å følgje opp verft ulike stader i verda som byggjer våre innovative offshoreskip, og ser fram til å bruke desse erfaringane vidare i USA.
For Ulstein er dette det femte oppdraget innan havvind så langt i år. Andre oppdrag i 2018 inkluderer to SOV-ar, eit kabelleggingsskip og eit stort installasjonsfartøy.

Publisert: 16.10.2018 10:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26