Vikebladet Vestposten kuttar papirdag
MINDRE PAPIR: Frå slutten av mai kjem VikebladetVestposten i papirutgåve to gongar i veka. 
Nytt

VikebladetVestposten kuttar papirdag

VikebladetVestposten legg om frå tre til to papiravisdagar i veka.

19.03.2019
VikebladetVestposten er eigd av Sunnmørsposten, som er ein del av Polaris Media-konsernet. Fire av konsernet sine lokalaviser på Nordvestlandet har tidlegare redusert talet på papirutgåver.
I Nordfjord starta Fjordenes Tidende i Vågsøy og Fjordingen i Stryn papirkuttinga i 2015. Begge gjekk ned frå tre til to utgåver i veka.

Fjordabladet på Nordfjordeid gjekk ned frå tre til to papirutgåver i 2016 og Sunnmøringen på Stranda gjekk same år frå to til ei papiravis i veka.
Av Polarisavisene på Sunnmøre og i Romsdal kjem Møre-Nytt i Ørsta og Åndalsnes Avis på Åndalsnes med papirutgåver tre gongar i veka, medan Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke har seks papirutgåver i veka.

Enklare produksjon

Dagleg leiar Linda Eikrem i VikebladetVestposten seier avisa har god økonomi og at formålet med omlegginga ikkje er å spare penger, men forenkle produksjonen og frigjere tid.
Den eventuelle økonomiske gevinsten ved omlegginga skal brukast til å lage ei betre avis, i følgje Eikrem. Det betyr mellom anna ei tjukkare papriutgåve og hyppigare oppdatering av nettavisa.
VikebladetVestposten har 3702 abonnentar. Av desse har 1066 eit reint nettabonnement medan 2636 har ei abonnement som både gir tilgang til nettavisa og levering av papiravisa.

Snakka med annonsørane

Vikebladet har kome ut med tre utgåver sidan 1987. Då den vart slått saman med Vestposten i 1989 held den fram å kome ut tre gongar i veka.
Frå 21. mai er det tysdag og fredag papiravisa blir å finne i postkassene. Dagane er valde etter diskusjonar med annonsørane.
VikebladetVestposten hadde 12,9 millionar kroner i driftsinntekter i 2017 og eit resultat før skatt på 0,7 millionar kroner.

Publisert: 19.03.2019 15:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32