Vigra lukta paa passasjerrekorden
VIGRA: Nær ny passasjerrekord i september på Vigra.
Nytt

Vigra lukta på passasjerrekorden

I september reiste 107.064 passasjerar over Ålesund lufthamn, Vigra. Berre ein gong tidlegare har trafikktala vore høgare.

10.10.2018
Månadsrekorden er frå juni 2014. Då reiste 107.983 passasjerar over flyplassen.
Auken i september er på 6,6 prosent samanlikna med same månad i 2017.

Auke for Wizzair

Lufthamnsjef Tor Hånde opplyser at innlandstrafikken auka med 6,6 prosent og utlandstrafikken med 7 prosent.
- Det var passasjervekst på utlandsrutene til Gdansk, Kaunas og Amsterdam i september, men nedgang på ruta til Alicante på grunn av færre avgangar i år.
- Innlands er det trafikken til Oslo og Bergen som har auke, seier Hånde.

Størst auke utland

Hittil i år har det reist 847.070 passasjerar over Vigra, noko som er ein auke på 5,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Innlandstrafikken har auka med 3,4 prosent, og utlandstrafikken med 10,5 prosent hittil i år.

Nedgang for Hovden

For Ørsta Volda lufthamn Hovden var det derimot litt trafikksvikt i september.
Totalt reiste det 9.846 passasjerar over flyplassen, som er ned 3,2 prosent frå september i fjor.
Hittil i år er det derimot ein auke på 2,5 prosent, til 85.275 passasjerar.
På Anda lufthamn Sandane var det ein kraftig svikt i september. Totalt reiste det 3.556 passasjerar over flyplassen, ein nedgang på 16,3 prosent.
Hittil i år har det reist 31.949 passasjerar, 7,7 prosent færre enn på same tid i fjor.

Nesten fem millionar

Avinor opplyser at totalt reiste 4.948.000 passasjerar til eller frå Avinors 45 lufthamner i september, 2,8 prosent fleire enn same månad i fjor. Samtidig gjekk antal flygingar ned med 5,9 prosent.
Til utlandet gjekk chartertrafikken ned 0,6 prosent og rutetrafikken auka 3,6 prosent.
Danmark, Spania og Storbritannia har den største andelen av passasjerar, med høvesvis 12, 11 og 10 prosent av utlandstrafikken.
Vigra hadde største auken, føre Kjevik.

Publisert: 10.10.2018 11:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26