Videonor gaar ut i verda
VIDEOKONFERANSE: Dagleg leiar Øyvind Reed (34) demonstrerer korleis videokonferanse kan fungere. Patriotkapital frå Måløy har vore avgjerande for å løfte selskapet, seier Reed.
Nytt

Videonor går ut i verda

Måløy-selskapet Videonor har opna kontor i Stockholm og er på plass i Brüssel og Spania. No står USA for tur. 

Ivar Myklebust Longvastøl
26.02.2014
- Vi ser at vi har eit stort vekstpotensial utanfor Norge, så då er det berre å gje full gass, seier dagleg leiar Øyvind Reed (34) i Videonor AS.

Enklare og billegare

- Det har vore eit eventyr så langt, og vi har ein omfattande vekstplan, seier Reed.
Videonor tilbyr bedrifter og andre abonnement på videokonferansar, som er ei enklare og billegare løysing i staden for at kvar einskild skal investere i kostbar teknologi og serverkapasitet, seier Reed.
- Det kan enklast forklarast slik: Før måtte kvar verksemd som nytta videokonferanse, investere i ein videosentral, på same måten som dei hadde ein telefonsentral. No er dette flytta til oss. Videonor driftar ein stor sentral gjennom ein felles server og teknologi som vi kjøper inn og set saman på ein best mogleg måte. Dermed fordeler vi også utgiftene på mange, seier Reed.

Pent overskot

I 2012 var driftsinntektene på 8,6 millionar med eit driftsresultat på ein million. I fjor auka inntektene med 50 prosent til 13 millionar, og overskotet på drifta vart meir enn dobla (sjå faktaboks).
- Vi tek marknadsdelar månad for månad og aukar porteføljen som i dag er på kring 1200 kundar. Vi har vakse mest i dei store byane i Norge, Oslo, Bergen og Stavanger, men har abonnentar over heile verda. Produktet vårt kan leverast nesten uavhengig av geografi, og vi har ein ambisiøs vekstplan i utlandet, seier Reed.

Stockholm og Brussel

Måløyværingane etablerte Videonor AB med kontor i Stockholm 1. januar i år og dei har planar om å opne sitt andre kontor i Sverige, i Gøteborg, i løpet av året.
- Vi har levert anbod som vi håper skal gje oss ein drøymestrart i Sverige, seier Reed.
- Vi har ein person som jobbar for oss i Brüssel og kjem truleg til å tilsetje fleire i løpet av 2014. Kontoret skal dekke Benelux-landa og Tyskland. I Spania har vi nyleg signert ein stor partnarskapsavtale, dette er også ein interessant marknad, seier Reed.

Sjekkar USA

Neste store steg kan vere USA. Selskapet er i gang med å sjekke ut marknaden og mulegheitene der. Forarbeidet handlar først og fremst om å identifisere og finne den rette marknaden, seier Reed.
Videonor er slett ikkje åleine om tilby denne typen videokonferansar. Reed meiner at grunnen til at dei har lykkast så godt, er at dei leverer gode løysingar til ein rimeleg pris. Det var Jørn Mikalsen med fortid i Tandberg som såg mulegheitene og starta Videonor. Han er største aksjonær i Archery Technology AS som eig Videonor AS.

Risikovillig kapital

- Men kvifor hovudkontor i Måløy?
- Det er her investorane våre sit, med Gunnar Carlson i spissen. Dei stiller opp med risikovillig kapital, og utan dei hadde vi aldri klart å løfte selskapet slik vi har gjort, seier Reed.
- Då snakkar vi om lokal patriotkapital?
- Ja, det er eit bra uttrykk. Den tryggleiken og tilliten vi har fått frå Gunnar og den gjengen, har gjort at vi kan konsentrere oss om utvikling og sal. Så må vi også levere resultat, seier han.

Gjennom murvegg

34-åringen er sjølv vaskekte måløyværing som jobba hos Selstad AS, utstyrsleverandør for fisk og sjømat, og deretter var salssjef i Domstein Fish i to og eit halvt år før han gjekk inn i Videonor. Han har to års studiar på Universitetet i Bergen og bachelorgrad i eksportmarknadsføring frå Høgskolen i Ålesund.
Reed trekkjer også fram den hjelpa dei har fått hos Innovasjon Norge, som har vore særleg viktig i samband med bedriftsetablering, seinast i Sverige, og gjennom tilgang til utviklings- og styringsverktøy.
Han skryter også av staben, som ifølgje Reed er villige til å gå gjennom ein murvegg for å teste ut alle mulegheiter.
- Eit drøymescenario for ein sjef, fastslår han.
- Men det å jobbe hardt er ikkje lenger noko konkurransefortrinn. Vi må vere betre og smartare, seier han.
Det har vore eit eventyr så langt, og vi har ein omfattande vekstplan

Publisert: 26.02.2014 06:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31