Vi treng ikkje selje no
ULSTEINVIK: Ulstein Group-selskapet Ulstein Shipping eog dei to PSV-ane Blue Queen og Blue King, som ligg i opplag, samt 30 prosent av rekordskipet Island Ventures (til venstre), som vehtar på å verte overtatt av Island Offshore/Edison Qhouest.
Nytt

- Vi treng ikkje selje no

Ulstein Shipping tapte 95 millionar kroner før skatt i 2015, men sel ikkje to PSV-ar til kva pris som helst.

29.07.2016
- Nei, dette er gode båtar, og vi treng ikkje selje no.
- Vi sel ikkje før vi får rett pris.
Det seier finansdirektør Catrine Kristiseter Marti i Ulstein Group om dei to Blue Ship Invest-skipa Blue Queen og Blue King som ligg i opplag ved Ulstein Verft.

Lang serie

Dette var skip nummer ni og ti i ein serie like PSV-ar av Ulstein PX-121-design, der Nordic American Shipping (NOA) kjøpte først dei seks første, deretter to til. Samstundes gjekk Ulstein Shipping inn som tre prosent eigar av NOA.
Dei to siste skipa har Ulstein slite med å selje. Skipa vert opererte av Ålesund-selskapet Golden Energy, men ligg no begge i opplag etter at Blue Queen først fekk prøve seg rundt seks månader i spotmarknaden.
- Tilbakemeldingane på skipet var svært gode, seier Kristiseter Marti.
Det siste skipet, Blue King, gjekk derimot rett frå verftet og i opplag.

Stadige utsetjingar

Ulstein Shipping eig også 30 prosent av konstruksjonsskipet Island Ventures, eit skip som er tinga av Island Offshore og Edison Chouest sitt felles selskap Island Ventures 5 LLC.
Island Ventures er den største enkeltkontrakten i Ulstein Verft si historie, og prislappen ligg truleg på rundt 1,3 milliardar kroner etter at skipet vart forlenga frå 145,1 meter til 159,8 meter, samt at breidda vart auka to meter til 30 meter.
Skipet skulle eigentleg overleverast i tredje kvartal 2015, men overleveringsdatoen har vorte utsett fleire gongar.
- Dette er noko du må snakke med reiarlaget om, seier Kristiseter Marti på spørsmål om når båten vert endeleg overtatt.

Vil eige mindre

Ho stadfestar at Ulstein eigde 30 prosent av skipet ved årsskiftet.
- Men planen er at vi skal eige vesentleg mindre etter kvart.
Omfattande nedskrivingar og verdireduksjon førde til at Ulstein Shipping hadde eit resultat før skatt på minus 95 millionar kroner i fjor.
Den samla gjelda er samstundes redusert frå 531 til 240 millionar kroner, der 250 millionar er langsiktig konserngjeld.

Olympic-pluss

Ulstein Shipping forventar at marknaden for offshore serviceskip framleis vil vere utfordrande dei neste åra.
På den positive sida kjem at Ulstein Shipping eig 25 prosent i Olympic-skipet Olympic Explorer III KS, som gjekk med overskot i 2015, trass ein vanskeleg marknadssituasjon.
Dette er gode båtar, og vi treng ikkje selje no

Publisert: 29.07.2016 10:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58