Vi treng forsking ogsaa i distrikta
RUNDE: Nils Roar Hareide (t.h.) er uroleg for at dei store byane reiser med det aller meste av forskarar og forskingsmidlar. Her saman med Steinar Reiten, næringspolitisk talsperson for KrF.
Nytt

- Vi treng forsking også i distrikta

Han har ingen Røkke eller Mohn som spyttar inn store forskingspengar, og er uroleg for at dei store byane overtek all forskinga.

24.10.2018
- Eg har ingen ting imot Røkke sine planar om eit verdsleiande senter for havforsking i ein skyskrapar på Fornebu.
- Eg har heller ikkje noko imot at i Bergen vert det bygt opp eit nytt senter for havforsking med hjelp av pengar frå Trond Mohn.
- Men vi må ikkje gløyme at det også trengst forsking i distrikta.
Det seier dagleg leiar Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter.

Meir til byane

Senteret har eit budsjett på rundt elleve millionar kroner årleg, og i framlegget til statsbudsjett er det sett av 3,2 millionar kroner til forsking rundt sjøfugl og livet i havet.
- Desse pengane kjem godt med, men i det lange løp ser vi at stadig meir av forskinga, også havforskinga, skjer i Oslo, Bergen og Trondheim.
- Berre den delen av NTNU i Trondheim som forskar på autonome fartøy har eit årleg budsjett på 850 millionar kroner.
- Det vi har er småpengar, men likevel driv vi med svært verdfull forsking, seier Hareide.

Tappar distrikta for talent

Han viser spesielt til den forskinga som no foregår på sil, som er så viktig både for fisk og sjøfugl.
- Dette er banebrytande forsking, der vi samarbeider med ei rekkje andre forskingsmiljø.
Hareide har også store forventningar til Møre Ocean Lab, og den forskinga som vil foregå rundt den satsinga.
Men han legg ikkje skjul på at det er vanskeleg å få rekruttert forskarar til Runde Miljøsenter.
- Dei store byane og dei store forskingssentra tappar distrikta for forskartalent.

Ideell plassering

Han etterlyser ei større satsing på forskning i distrikta.
- Her på Runde er vi tett på havet, tett på fuglefjellet, tett på viktige fiskeressursar, og i tillegg er vi tett på aktørar som lever av havet.
- Ei slik plassering er ideell og til enorm nytte for forskinga.
I oktober neste år er Runde Miljøsenter ti år.
- Det har vore hardt å halde dette i gang, men saka er at potensialet for dette senterert er enormt stort.
- Men då må også politikarane og styresmaktene også forstå at vi har alt å tene som nasjon på at vi har levande forskingssenter også i distrikta.
Dei store byane og dei store forskingssentra tappar distrikta for forskartalent

Publisert: 24.10.2018 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27