Vi skal byggje eit heilt spesielt hotell
SELJE: Liv Koller-Borg meiner at Selje har unike kvalitetar, og vil at naturen skal inn i nyehotellet, som skal byggjast ved Seljesanden.
Nytt

- Vi skal byggje eit heilt spesielt hotell

Til hausten vert det arkitektkonkurranse for nytt hotell i Selje.

19.07.2019
- Vi skal byggje noko spesielt og attraktivt, eit hotell som vert eit utgangspunkt og eit fyrtårn for reiselivsaktiviteten i Selje og Vestkapp.
Det seier styreleiar Liv Koller-Borg i Selje Hotell Invest.
Saman med mannen Pascal Koller har ho investert i hotellprosjektet i Selje.
Det Zürich-baserte paret har også overtatt galleri Amdam i Selje, og ønskjer å bidra til utvikling av reiselivstilbodet i regionen.
- Og då står eit hotell i Selje heilt sentralt.

Tunge aktørar

Inne på eigarsida er også Florida-baserte Olaf Refvik, som titulerer seg som ‘fisherman and investor’, Måløy-investoren Arild Aarvik, hytteutbyggjaren Otto Vik i Stryn, Norhus-aktørane Einar Holsvik frå Hovdebygda og Bjarne Krakereide frå Selje, og Ålesund-investoren Jostein Løken.
- Vi er ei god blanding av lokale og internasjonale aktørar, men alle med ei tilknytning til regionen, seier Koller-Borg, som sjølv kjem frå Åheim, men har budd vekke i over 30 år.
- Det var på tide å kome heim og bidra litt, seier den internasjonale finansrådgivaren.
Ho ser for seg eit hotell som vert tett integrert med naturen.
- Vi ser ikkje for oss eit tradisjonelt spahotell, men eit hotell som er tilpassa heilårsturisme og er eit utgangspunkt for andre aktivitetar i regionen.

Eit hav av moglegheiter

Koller-Borg er sjølv sentral i utviklinga av tilboda på Vestkapp, og ho har gått inn i styringsgruppa for Selja Kloster.
Ho seier at i regionen er det mange moglegheiter som bør utviklast.
- Her kan ein surfe, padle, fiske, dykke, sykle, klatre, ta turar med rib-båtar, gå pilegrimstur eller rett og slett berre slappe av.
- Her er den beste fisken, beste krabben og dei beste kamsjela. Men også dei beste kystgeitene og sauene.

Må ha betre pakketilbod

Ho meiner at det må utviklast betre pakketilbod for turistar og andre.
- Berre sjå for deg eit bryllaup, der ein kan ha mottaking i Selja Kloster, vielse i Ervik kapell, lunsj på Vestkapp og middag på havhotellet i Selje.
- Eller ei leiargruppe som både ville vere aktiv på havet og i fjellet, og samstundes nyte lokal mat og finne roa – både på hotellet og i nærleiken.
Rådgjevingsselskapet PricewaterhouseCoopers (PwC) er hyrte inn som konsulentar i planprosessen. Det er også tatt kontakt med aktuelle arkitektar – både lokalt og nasjonalt.
- Etter planen kjem vi til å køyre ein arkitektkonkurranse i haust, seier Koller-Borg.

Fem-seks suiter/leilegheiter

Ho ser for seg at hotellet står ferdig i 2023, kanskje før.
- Det vert nok ei bygging i fleire etappar, der vi kanskje startar med 50 rom og bygger fleire over tid.
- I tillegg ser vi for oss å byggje fem-seks leilegheiter/større suiter, som det vert muleg å kjøpe seg inn i.
Selje har mangla hotell etter at gamlehotellet vart påsett og brann ned i 2016.
Liv Koller-Borg meiner det er på tide at det no kjem eit nytt hotelltilbod.
- Dette er ikkje viktig berre for Selje, men for heile regionen.

Mange som heiar

Ho seier at planane har vorte godt mottekne så langt, og ho rosar samarbeidet med kommunen og andre lokale aktørar.
Det er fleire som heiar på dei nye hotellinvestorane, blant dei Gerd Kjellaug Berge som saman med ektemannen Harald Berge dreiv hotellet frå 1976 til 2014.
- Gerd Kjellaug har allereie bestilt hotellet til 80-årsdagen sin. Sjølv om det er fire år til, er det like greitt å kome i gang alt no, seier Koller-Borg.
Berre sjå for deg eit bryllaup, der ein kan ha mottaking i Selja Kloster, vielse i Ervik kapell, lunsj på Vestkapp og middag på havhotellet i Selje

Publisert: 19.07.2019 10:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37