Vi maa faa alle fakta paa bordet
OSLO: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik er overraska over den strenge islandske reaksjonen overfor fire norske fiskefartøy. No vil han til botns i saka.
Nytt

- Vi må få alle fakta på bordet

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik vil til botns i saka som førde til at Island utestengde fire norske fiskebåtar frå loddefiske.

12.02.2019
- Vi skal i dag ha eit møte for å få klarheit i kva som har skjedd.
- Før vi får alle fakta på bordet, er det vanskeleg å uttale seg bastant om saka, seier Nesvik til NETT NO.
Av dei fire båtane som er utestengde frå islandsk fiskerisone for alltid er Herøy-båten Teigenes, samt tre båtar frå Hordaland. Til liks med dei tre andre båtane hadde Teigenes litt større kvantum om bord enn det dei melde inn under loddefisket for to år sidan.

Kom overraskande

Nesvik viser til at det er viktig å vere klar over at ein er pliktig til å levere fangstar over 500 tonn i Norge.
- Vi vil no setje oss ned saman med aktørane, seier Nesvik. Han seier at det ikkje er noko i dialogen med Island som kan forklare den strenge reaksjonen.
- Nei, også for oss kom dette overraskande.

Har etablert dialog

Til lokalavisa seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk at feilrapporteringane var frå 10-12 og opp til 17-18 prosent.
Han meiner at det er ein overreaksjon frå islandsk side, sidan det er vanskeleg å vite eksakt mengde av ein fangst før levering.
– Ein typisk reaksjon på tilsvarande i Norge er ei åtvaring, og i verste fall ei bot til skipper, seier han, og viser til at det er etablert dialog med islandske myndigheiter for å finne ei løysing som kan aksepterast.

- Viktig for omdømet

Under årsmøtet til Fiskebåt tysdag brukte Nesvik mykje tid av talen til å fokusere på kampen mot fiskerikriminalitet.
- Vi får stadige rapportar om at det og det har skjedd. Difor er det viktig å få alle fakta på bordet.
- Vi må bekjempe fiskerikriminalitet i alle ledd. Viss ikkje, går det ut over omdømet til alle, også dei som ikkje har gjort noko feil.

- Vi er temmeleg stovereine

Dette fekk Austevoll-reiar Inge Halstensen til å reagere.
Han meinte at det slett ikkje stod så ille til i næringa.
- Vi er faktisk temmeleg stovereine. Det er nokre kystfiskarar i nord som rotar litt.
- Skal du ta nokon, så ta dei, men ta ikkje oss, sa Halstensen som også meinte at det var mykje som tala for at dei norske fiskebåtane som var tatt for ulovleg loddefiske ved Island var uskuldige.

Publisert: 12.02.2019 15:15

Sist oppdatert: 18.03.2021 08:31

Mer om