Vi maa beskytte vaare tilsette og selskapet
KLEVEN: Div Group- og Kleven-eigar Tomislav Debeljak utanfor verftet i møte med pressa tysdag.
Nytt

– Vi må beskytte våre tilsette og selskapet

Kleven-eigaren vurderer rettslege skritt og trur ei avgjerd kjem allereie onsdag.

Marius Rosbach
30.06.2020
Kleven-eigar Tomislav Debeljak møtte tysdag pressa for å opplyse om den økonomiske knipa verftet er kome opp i. Han hadde ingen direkte avklaringar å kome med i denne omgang.
Tidlegare har det opplyst at tre långivarar har terminert avtalene med verftet. Kontoane er difor frose og Debeljak er tydeleg på at både Div Group og verftet treng ei løysing raskt.
– Eg vil helde fram å kjempe for å få til ei positiv løysing for Kleven, slik at verftet vil ha ein framtid saman med Div Group, sa Debeljak.
Han ga uttrykk for at det ikkje var eit alternativ å selje seg ut av verftet.

– Må beskytte våre tilsette og selskapet

Debeljak er tydeleg på at han meiner det ikkje er rett av banken å seie opp avtalen, og at Div Group også vil vurdere å gå til rettslege skritt for å få gjennomslag for sitt syn.
– Absolutt, vi må beskytte våre tilsette og selskapet.
Kleven-eigaren er framleis av den oppfatning at Div Group har oppfylt alle sine forpliktingar. Dei har også hyra inn Deloitte til å gå gjennom utkjøpsavtalen med Kleven og har ikkje funne uteståande summar.
– For Div Group kan det å gå til retten og krevje eit større pengebeløp, verre den beste løysinga. Men vi vil ikkje kjempe for pengar, men for at Kleven og dei tilsette skal ha ei positiv framtid, legg han til.

Trur det kjem avgjerd onsdag

Allereie onsdag møtast styre ved verftet på nytt. Debeljak trur det vil kome ei avgjerd då, men opnar også for at det kan gå nokre dagar.
– Om det er mogleg å vente med å velje konkurs som alternativ, så gjer vi det. Men vi har ikkje mykje tid, og eg trur vi vil ta avgjerda i morgon, seier han.
– Vi veit kva Kleven står for, og vi vil ikkje trekke oss ut, men kjempe for verftet
Tidlegare fortalde tillitsvalt Olav Høydalsvik til NETT NO at det ikkje kom fram noko konkret nytt i styremøte tidleg tysdag.
- Vi forsøker formidle at det er håp og halde folk ved godt mot, sa Høydalsvik.

«Heit potet»

Debeljak peiker i første rekke på ein avtale med Sparebank 1 SMN som problematisk, og som opphav til den fastlåste situasjonen. Det gjeld finansiering av eit offshore skip som no er under bygging på verftet - eit oppdrag som kom frå Havyard.
– Håpar du å finne ei alternativ finansiering?
– Vi vil forsøke å berge dette prosjektet som er blitt ei «heit potet», seier Debeljak og viser til offshoreskipet.
– Vi kan fullføre dette innenfor Div Group, kanskje med finansiering frå andre bankar, eller frå Div Group si side, seier han.
Sparebank 1 SMN ønsker ikkje å kommentere saka til NETT NO.

Meir om saka:


Klubbleiar:








Tillitsvalt:



Verftsdirektøren:




Publisert: 30.06.2020 17:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59