Vi kallar det ikkje gullkysten utan grunn
LOEN: Prosjektleiar Tore Askeland for ferjefri E39 i Statens vegvesen deltok på Samferdselskonferansen 2020 førre veke. 
Nytt

– Vi kallar det ikkje gullkysten utan grunn

Leiar av ferjefri E39 i Statens vegvesen håpar politikarane prioriterer to fjordkryssingsprosjekt i neste transportplan.

Marius Rosbach
14.09.2020
Det er høgsesong for innspel til den komande nasjonale transportplanen som blir lagt fram for Stortinget neste år. Tore Askeland er prosjektleiar for ferjefri E39 i Statens vegvesen, og deltok på Samferdselskonferansen i Loen førre veke.
NETT NO spurde korleis han ser på moglegheitene til dei ulike fjordkryssingsprosjekta.

Trur Hordfast og Møreaksen ligg først i løypa

Askeland påpeiker at høgare trafikk mellom Stavanger og Bergen, i tillegg til at ein sparar ei lang ferjereise, gjer at Hordfast truleg ligg fremst i løypa.
– Politikarane har ikkje moglegheit til å prioritere alt no, og vi håpar at dei vil gå for Hordfast og Møreaksen, medan Hafast truleg må vente. Møreaksen kjem bra ut på netto nytte, og det same gjer Hafast. Dei har litt færre køyretøy, men det er store innsparingar på tid. Begge blir likevel slått av Hordfast, påpeiker Askeland.
– Det er politikarane som bestemmer, og dei ser mykje på netto nytte. Med andre ord blir dei prosjekta som har størst nytte for kvar krone, prioritert. Med metodane som blir nytta, er det stadene med mange køyretøy og stor innsparing i reisetid, som skårar bra, fortel han.

Meir enn netto nytte som betyr noko

Fleire av innspela mellom anna frå NHO Møre og Romsdal, peika på den store verdiskapinga som skjer i det eksportretta næringslivet langs kysten.Askeland påpeiker at det ikkje berre er netto nytte som skal telje når politikarane skal prioritere.
– Vi kallar det ikkje gullkysten utan grunn. 60 prosent av eksportverdiane kjem frå Vestlandet. Og Møre spesielt er det beste område vi har i landet når det kommer til eksport, sjølv om det er færre menneske som bur her, seier Askeland.
Fagetatane har svart på kva for prosjekt som vil ha best netto nytte, og der kjem Nordvestlandet dårleg ut. Verken ny tunnel på Strynefjellet, kryssing av Moldefjorden eller Stad skipstunnel var prioritert her.

Les også:




Stryn-firma:


Analyse:


Fagetatane om transportplanen:


Med metodane som blir nytta, er det stadene med mange køyretøy og stor innsparing i reisetid, som skårar bra

Publisert: 14.09.2020 12:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02