Vi har hatt eit veldig bra driftsaar
TRE GENERASJONAR: Åge Remøy (t.h.) saman med sonen Fredrik og sonesonen Albert etter at Rem flytta tilbake til Fosnavåg sentrum.
Nytt

- Vi har hatt eit veldig bra driftsår

Utfordringane er ikkje over, men Rem-direktør Fredrik Remøy ser lyst på utsiktene for nye Rem Offshore.

02.11.2019
- Vi hadde eit godt andre kvartal, og nesten like godt tredje kvartal.
- Vi har hatt eit veldig bra driftsår.
Det seier Frederik Remøy, som saman med resten av Rem-staben no flyttar tilbake til Rem-bygget i Fosnavåg sentrum.

- Sluttresultatet er avhengig av korleis det går med valuta, men operasjonsmarginen vi har er betydeleg høgare enn dei vi samanliknar oss med.

- Litt vemodig

Fredrik seier at han ikkje har like sterke kjensler til flyttinga som det faren Åge har hatt.
- For min eigen del er det litt vemodig å flytte frå Havila-staben som vi har hatt eit godt fellesskap med i Diamanten på Mjølstaneset.
- Vi har hatt tre gode år der, men samstundes skal det vere godt å kome til sitt eige, der vi kan utvikle oss vidare.

Vil vekse steg for steg

Ti ledige kontorplassar er det i Rem-bygget etter at 18 tilsette flyttar over.
- Vi håper å fylle desse plassane etter kvart, men vi tar steg for steg og har ikkje hastverk med å vekse.
Ti skip har selskapet i flåten.
- Vi er inne i både i olje og gass, seismikk og fornybar, slik at vi har god breidde i satsinga.

Attraktivt

Selskapet har nyleg tilsett Ronny Pål Kvalsvik som ny teknisk sjef, og Remøy seier at det ikkje er vanskeleg å få kvalifisert arbeidskraft.
- Nei, det er tydeleg at vi er ein attraktiv arbeidsgivar, og at folk har lyst til å vere med på den satsinga vi har sett i gang.
- Det ser slett ikkje så verst ut.
Operasjonsmarginen vi har er betydeleg høgare enn dei vi samanliknar oss med

Publisert: 02.11.2019 14:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43