Vi er meir bekymra for renteoppgang enn naboane
Nytt

Vi er meir bekymra for renteoppgang enn naboane

Så mange som 39 prosent av nordmenn seier dei er bekymra for at renta skal bli høgare, viser ei ny undersøking. Talet er det desidert høgste i Norden.

12.07.2018
NPK-NTB–Andreas Løf: Til samanlikning svarar berre 27 prosent av finnar og svenskar at dei er bekymra for høgare lånerente, viser ei undersøking YouGov har gjort for Danske Bank.
I Noreg seier heile 15 prosent attpåtil at dei er svært bekymra for renteoppgang, mot berre 9 prosent i Sverige og Finland.
Heilt i motsett ende finn vi Danmark, der berre 21 prosent seier dei er bekymra for at lånerenta skal gå opp, og berre 5 prosent seier dei er svært bekymra.

På gjeldstoppen

Forbrukarøkonom Anne Motzfeldt i Danske Bank ser dei norske bekymringane i samanheng med at nordmenn har høg gjeld.
Ifølgje dei seinaste tilgjengelege tala frå ligg hushaldsgjelda til nordmenn i snitt på 266 prosent av disponibel nettoinntekt. Det er heilt i toppen blant OECD-landa, bak Danmark og Nederland.
– Berre forbruksgjelda blant nordmenn er no over 100 milliardar, ifølgje tal frå Finanstilsynet. Ein auke i lånerenta vil difor bety auke i månadlege utgifter, og dersom ein har mykje gjeld vil ein vera ekstra sårbar fordi små rentejusteringar på store lån kan bety stor auke i månadlege låneutgifter, peikar ho på.
– Ein annan grunn til at vi er meir opptekne av renteoppgang i Noreg enn elles i Norden, kan vere at vi har lågare del av fastrentelån enn nabolanda våre. Fastrente gjev meir føreseieleg økonomi, seier Motzfeldt.
I eit intervju med NTB streka direktør i Finanstilsynet Morten Balterzen også nyleg under at norske hushald er sårbare for renteauke, fordi nesten heile hushaldsgjelda har flytande rente.

Merkast på økonomien

Motzfeldt set opp eit reknestykke som forklarer kor stor effekt ein renteoppgang kan ha for økonomien til nordmenn.
– Eit lån på 3 millionar med rente på 2 prosent har ein årleg rentekostnad før skatt på 60.000 kroner. Per månad blir dette 5.000 kroner. Skulle bustadlånsrenta dobla seg til 4 prosent, kostar det same lånet 120.000 kroner per år i renter, det vil seia. 10.000 kroner per månad. Det betyr 5.000 kroner meir i lånekostnad per månad før skatt, forklarer forbrukarøkonomen.
Ho legg til at ho er uroa over at mange er for dårlege på såkalla buffersparing.
– Det vil seia at ein ikkje pengar i reserve dersom det skulle dukka opp uventa utgifter. Då er ein også dårleg rusta dersom lånekostnadene tek til å auka, fordi ein er vand til å bruka opp all løna kvar månad, seier Motzfeldt.

Ventar renteoppgang

Bekymringane kan fort bli ein realitet i nærmaste framtid.
I dag ligg styringsrenta i Noreg på rekordlåge 0,5 prosent, der ho har lege i eit par år etter fleire år med fallande rente. I år har likevel Noregs Bank signalisert at det kjem til å bli renteoppgang over sommaren.
– No er forventninga at styringsrenta skal stiga til rundt 1,5 dei kommande åra, seier Motzfeldt.
Berre forbruksgjelda blant nordmenn er no over 100 milliardar

Publisert: 12.07.2018 08:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24