Vestland krev klimapengar paa bordet
DYRT: Hurtigbåtsambanda mellom Bergen og Sogn og Fjordane og i Sogn og Fjordane vil koste Vestland fylkeskommune mellom 78 og 118 millionar kroner ekstra i året samanlikna med i dag. Planen er å gå over frå dieseldrift til null- eller lågutsleppsfartøy, som aukar kostnadane.
Nytt

Vestland krev klimapengar på bordet

Vestland Fylkeskommune vil ha heilt- eller delvis utsleppsfrie hurtigbåtar, men berre dersom staten tek ein stor del av rekninga.

21.01.2021
Det kostar meir å krevje null- eller låge utslepp på hurtigbåtsambanda i tidlegare Sogn og Fjordane fylke og mellom Bergen og Sogn og Fjordane, som no blir lagt ut på anbod. Fylkeskommunen anslår at ekstrakostnaden er mellom 78 og 118 millionar kroner i året samanlikna med i dag. I tillegg reknar den med kostnader knytt til infrastruktur (som f.eks. ladeaanlegg, kraftkablar og kaier) på mellom 175 og 226 millionar kroner, etter støtte frå Enova.
Dette er ei ekstrarekning Vestland Fylkeskommune, som omfattar Sogn og Fjordane og Hordaland, ikke vil bere åleine. Den vil også gjerne ha inntekter frå auka CO2-avgift som Regjeringa vil pålegge bruk av fossilt drivstoff.

– Det er ein føresetnad med statleg medverknad for å kome i mål med dette. Vi reknar med at regjeringa følgjer opp med finansiering av nullutsleppsteknologi på båt. Den føreslegne auken i CO2-avgift må utløyse tilsvarande finansiering til fylkeskommunen,

Kan bli diesel

Om fylkeskommune ikkje får dei pengane frå staten som den vil ha kan heile satsing på null- eller lågutsleppsfartøy blir avlyst.
"Om staten og verkemiddelapparatet ikkje bidreg med medfinansiering i tilstrekkeleg grad, er det opna for at kontraktens varigheit blir redusert og at båtsambanda i staden blir drifta med fossil marin diesel", heiter det i pressemeldinga.

Kor mykje fylkeskommunen meiner staten må stille opp med er ikkje talfesta.

To pakkar

Konkurransen om å drive hurtigbåtrutene er delt i to.
Den første utlysinga kjem februar og omfattar båtruter i Sogn og Fjordane til 42 kaiar i kommunane Bremanger, Kinn, Stad, Vik og Høyanger. Desse ruten blir trafikkert med seks fartøy i dag, fire av desse såkalla kombikatamaranar for frakt av personbilar, vogntog og gods, i tillegg til passasjerar.
Den andre utlysinga kjem i mars og gjeld rutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm der fire fartøy er i drift.
Dagens kontrakter for rutene går ut 30. april 2022. Ny kontrakt for Rutepakke 2 skal starte opp 1. mai 2024 og kontrakten for Rutepakke 1 i desember 2024. I mellomperioden er det aktuelt med forlenging av noverande eller mellombelse kontraktar, ifølgje presssemeldinga.
Målet er å avgjere kven som får oppdraga i oktober i år.

Publisert: 21.01.2021 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12