Vert sparkla og styla i Tyskland
ULYSSES: Den 107 meter lange superyachten på veg frå Kleven i Ulsteinvik og til Bremerhaven i Tyskland. Båten er no straks ferdig etter å ha fått finpussen i Tyskland.
Nytt

Vert sparkla og styla i Tyskland

Den Kleven-bygde superyachten Ulysses får den siste finpussen i tyske Bremerhaven.

11.01.2016
- Dette har vore planen heile tida. Vi har ikkje dei anlegga som trengst for å gjere heilt ferdig ein slik båt, seier verftsdirektør Ståle Rasmussen.
Han viser spesielt til at luksusyachten skal ha teakdekk.
- Dette arbeidet må gjerast innandørs eller under eit stort telt der ein kan ha høg nok temperatur.
- Vi har ikkje eit slikt innandørs anlegg, og det ville også vore vanskeleg å få det til under eit telt med dei vêrtilhøve vi har her.

Sparkling og måling

Sluttarbeidet på den 107 meter lange superyachten Ulysses foregår ved det tyske selskapet Dörres Marine i tyske Bremerhaven.
Hit kom Ulysses etter å ha gått frå Kleven Verft 31. juli i fjor.

Ståle Rasmussen seier at mykje av den siste finishen vert tatt ved det tyske anlegget.
- Dette gjeld også sparkling og måling, samt at ein her set på plass møblar.

Trur på fleire yachtar

Han seier at det hadde vore kjekt om ein kunne gjere fikst ferdig eit slikt fartøy i Ulsteinvik.
- Det kan vi ikkje slik situasjonen er no.
Derimot trur han på at det vert fleire kontraktar på luksusyachtar.
- Ja, det har vi god tru på.

Italienske møblar

Adm. dir. Svein Rune Gjerde ved designselskapet Marin Teknikk seier at opptil 180 personar har arbeidd med Ulysses under opphaldet i Bremerhaven.
- Alt arbeidet foregår under eit digert telt.
- I tillegg til legging av dekk og installering av italienske designmøblar, er det mykje sparkling og styling, seier han.

Stor interesse

Marin Teknikk har designa båten til New Zealand-milliardær Graeme Hart, som er ein robust yacht som er tilpassa ekspedisjonar og skal kunne operere i røffe vêrtilhøve.
- Vi har hatt folk i Bremerhaven som har tatt stabilitetstestar etter at alt utstyret har kome om bord. Det er no like før båten er endeleg ferdig, seier Gjerde.
Han har god tru på at det vert nye designkontraktar på yachtar.
- Det er fleire aktørar som har kontakta oss, og vi har fleire prosjekt ferdige på papiret, men dette er eit segment av kjøparar som vi hittil har lite erfaring med.
- Vi slit litt med å lese desse yachtaktørane, men vi vil vere klare når dei før eller seinare trykker på knappen.

Godt i gang med nummer to

Kleven har no starta bygginga av yacht nummer to til Graeme Hart. Den siste yachten er 117 meter lang, ti meter lenger enn yachten som vert gjort ferdig i Tyskland. Yacht mummer to skal vere ferdig frå Kleven neste sommar.
- Slik det ser ut til no, vert denne også gjort endeleg ferdig i Tyskland, seier Ståle Rasmussen.
Graeme Hart er rekna som den rikaste på New Zealand med ei personleg formue på rundt 50 milliardar kroner. Kontraktssummen på den første yachten har ikkje vorte offentleggjort, men fleire medier har antyda ein sum på rundt 400 millionar kroner.
Vi slit litt med å lese desse yachtaktørane, men vi vil vere klare når dei før eller seinare trykker på knappen

Publisert: 11.01.2016 16:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52