Verftsleiar om garantiforslag Ekstremt positivt
MYKLEBUST: Økonomi- og finanssjef Leiv Sindre Muren og verftsdirektør Inge-Jonny Hide har jobba saman for snakke opp forslaget om endra garantiordning for å sikre norske verftskontraktar.
Nytt

Verftsleiar om garantiforslag: – Ekstremt positivt

Myklebust-sjefen kryssar fingrane for at Frp-innspel om hjelp med garantiar for å få bygd nye skip, blir ein realitet.

Marius Rosbach
12.11.2020
ؘ– Dette har vore vårt viktigaste punkt heilt sidan mars-april, og det er veldig positivt at det no er politisk vilje til å løfte fram dette, fortel dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust verft til NETT NO.
Reaksjonen kjem etter at Framstegspartiet la fram sitt denne veka.
Frp vil at GIEK skal hjelpe verfta med garantiar for å få bygd nye skip. Forslaget frå partiet er at verfta skal sleppe med fem prosent eigenkapital, i staden for 20 prosent som i dag.

Les også:


– Vil hjelpe verfta betydeleg

Inge-Jonny Hide fortel at ei løysing som Frp tek til ordre for, vil vere ei solid gladnyheit for Sande-verftet.

ؘ– Det vil vere ekstremt positivt for eit verft som Myklebust, seier han.
Hide fortel at dei har brukt alt av politiske kanalar og bransjeorganisasjonar for å snakke opp forslaget.
Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest meiner ei slik endring vil auke moglegheitene til å gjennomføre byggeprosjekt.
– Dette er eit krav næringa har jobba med å lengre tid og vil hjelpe verfta betydeleg. Om Frp får gjennomslag for dette, vil det vere ein kjempeseier for næringa, seier han til NETT NO.

Dagens reglar hindrar nybygging

Frp skal no i forhandlingar med regjeringa, og det er langt frå sikkert at det blir gjennomslag for garantiforslaget. Men det vil truleg vere eit av få forslag som er eigna til å skape meir aktivitet, av .
ؘ– Det er utfordrande å finne kundar og gode prosjekt, men når alt dette er på plass, så er det dumt om den finansielle kapasiteten skal stoppe sunne byggeprosjekt frå å bli realisert her heime i Norge, meiner verftsleiar Hide.
Forslaget inneber ikkje direkte pengestøtte, eller utgifter for staten - så lenge byggeprosjekta ikkje endar med økonomisk havari.

Verfta må finansiere heile prosjektet

NETT NO har tidlegare omtala når dei går til banken. Typisk vil vere eit krav om at verfta må stille 20 prosent i eigenkapital, medan banken tek 80 prosent.
Inge-Jonny Hide forklarar at eit skip til ein halv milliard dermed kan utløyse krav til eigenkapital på 100 millionar for verftet. Når dei gjerne bør ha fleire kontraktar i ordreboka – utgjer dette store likviditetsmessige forpliktingar. Etter fleire tunge økonomiske år etter oljefallet, og no koronapandemien, har færre selskap rygg til å bere det.
ؘ– Når vi skriv ei kontrakt skal vi kjøpe inn alt frå motorar, design og utstyr som skal om bord. Det kjem heile den maritime klynga til gode, men verfta må finansiere heile prosjektet, påpeiker Myklebust-sjefen.

Får truleg ny brønnbåtkontrakt

GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt ) hjelper allereie med garanti til bankane for deira del. Verfta håpar på det same for dei, slik Frp no har spelt inn i budsjettforhandlingane som starta denne veka.
ؘ– No er det krise, og vi meiner dette er eit godt grep for å skape lys på verfta, seier Hide.
Verftssjefen vil ikkje stadfeste kva for kontraktar hos dei som kan bli realisert om ei slik ordning kjem på plass, men det er kjent på ein ny brønnbåt innan årskiftet.

Les også:




Analyse:



år vi skriv ei kontrakt skal vi kjøpe inn alt frå motorar, design og utstyr som skal om bord. Det kjem heile den maritime klynga til gode, men verfta må finansiere heile prosjektet

Publisert: 12.11.2020 05:55

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:25